Regionsjef Anniken Krogstad og butikksjef ved Cubus Surnadal, Linda Rødahl hadde grunn til å smile torsdag. Da kunne de nemlig endelig ønske velkommen til "nye" Cubus Surnadal.

Opna 800 kvadratmeter stor Cubus-butikk

Torsdag opna Cubus Surnadal ny butikk i oppussa og utvida lokale i Alti Surnadal. Butikksjef Linda Rødahl fortel om ein hektisk innspurt, men gler seg no veldig til å ønskje kundane velkommen.

I starten av juli i fjor slapp Alti Surnadal nyheita om at Cubus-butikken i senteret skulle gjennom ei total forvandling. Heile butikken skulle bli splitter ny, konseptet skulle fornyast og arealet utvidast.

Oppgraderinga er no fullført, og allereie frå opning klokka 10 torsdag, var det bra med kundar i butikken.

Administrerande direktør i Alti Forvaltning, Lars Ove Løseth, er glad for at den nye Cubus-butikken no har opna dørene.

– Dette er kjempestas, og noko vi har gleda oss lenge til, seier han, og fortel at butikken blir omtrent dobbelt så stor.

– Arealet er auka frå 470 til 800 kvadratmeter, seier Løseth.

Senterleiar ved Alti Surnadal, Lorentz Sæter (f.v.) saman med eigedomssjef Merete Haugen og administrerande direktør Lars Ove Løseth i Alti Forvaltning.

– Langt framme i nasjonal målestokk

Han rosar dei tilsette ved Cubus, som har stått på for å få butikken klar til opninga.

– Sjølv om det har vore hektiske dagar no i innspurten, har vi vore med på opningar der det har vore meir «Akkurat» enn denne, smilar han, medan eigedomssjef Bergsvein Brøske nikkar.

Brøske peikar på at Cubus-kjeda vanlegvis brukar ein fast entreprenør på Austlandet.

– Men her har Setra Drift løyst prosjektet på ein kjempegod måte, og det har vore bruka lokale aktørar. På den måten har ein bidrege både til å unngå unødvendig smittefare, og til å oppretthalde lokale arbeidsplassar, seier han.

Blant dei mest synlege teikna på at det er ein flunkande ny Cubus-butikk, er at interiøret er meir skandinavisk i stilen, med lyst treverk, og at belysninga har fått seg ei solid oppgradering.

– Eg tykkjer det er kjempefresht, og den nye belysninga løftar verkeleg inntrykket, seier Lars Ove Løseth.

Lars Løseth, som er styreleiar i Alti Forvaltning, var sjølvsagt til stades på opninga.

– Eg tykkjer det er artig at Surnadal er ein av dei første plassane som har fått Cubus sitt nyaste konsept. Handelsmessig er Surnadal langt framme i nasjonal målestokk no, føler eg.

Ny kvardag for dei tilsette

Butikksjef Linda Rødahl fortel at det har vore travelt i dagane inn mot opninga.

– Men no gleder vi oss veldig til å vise kundane den nye butikken. Dette blir kjempebra, seier ho, og får støtte av regionsjef i Cubus, Anniken Krogstad:

– Kundane møter ein mykje større, meir trendy butikk. Ein får vist fram varene på ein mykje betre måte, og det å komme inn i butikken gjev ei heilt anna oppleving for kundane no enn før, seier ho, og fortsett:

– Det har vorte ein veldig kommersiell butikk, med det nyaste Cubus har å by på. Det er ikkje mange Cubus-butikkar i Noreg som har det aller nyaste konseptet, slik butikken her har.

Butikksjef Rødahl fortel at den nye butikken fører til ein ny kvardag for dei fire tilsette.

– Det blir ein enklare kvardag, med ein meir oversikteleg butikk, som det vil vere lettare å halde fin, seier ho.

Taklyset frå det som tidlegare var handlegata i Alti Surnadal er med på å bidra til eit lysare lokale.

InterSport neste

Også eigedomssjef Merete Haugen i Alti Forvaltning tykkjer den nye butikken er ei solid oppgradering for senteret.

– Dette vart kjempebra. Det ligg mykje bygging bak, og vi er kjempefornøgde med resultatet. No er det berre InterSport att av den store oppgraderinga av denne delen av senteret, seier ho, og fortel at det er planlagt opning av splitter ny vårbutikk hos InterSport Olaf Moen Eftf. i midten av april.

Haugen fortel at dei nye koronarestriksjonane gjorde at sjølve opninga av Cubus vart veldig redusert, i forhold til det som var tenkt.

– Vi skulle eigentleg slå skikkeleg på stortromma, men av smittevernomsyn kan vi ikkje ein gong servere kake.

Ordførar Margrethe Svinvik (Sp), Lars Ove Løseth og Bergsvein Brøske.

Margrethe Svinvik var og på plass ved opninga, og ordføraren let seg imponere.

– Eg er imponert over satsinga, og over at det er så stort. Eg tykkjer det har vorte ein veldig fin butikk, og trur det er etterlengta, både for kundar og tilsette, seier ho.

Senterleiar ved Alti Surnadal, Lorentz Sæter, var tidleg i gang med handlinga i den nye Cubus-butikken.

– Ja, her er det ikkje noko å vente med. Eg kjøper alle kleda mine i Surnadal, og støttar lokalt næringsliv, seier han.

Senterleiar Lorentz Sæter på handel i den nye Cubus-butikken.
Powered by Labrador CMS