Fram: endringar i ruteopplegget for bussane frå 1. januar
Frå 1. januar 2024 vil alle busslinjene i Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla få splitter nye bussar, og i Kristiansund blir alle bybussane elektriske. Samstundes blir det gjort nokre endringar i ruteopplegget, skriv Fram i ei pressemelding.
Årsaka er at bussane frå nyttår vil starte køyrerutene frå det nye bussdepotet i Pilotveien i Kristiansund. Dette gjer at ruteopplegget må justerast noko.
Stein Fredrik Røstberg, rådgivar for drift i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune, fortel at det for dei fleste busslinjene ikkje blir så store endringar.
– Frekvensen vil vere tilnærma lik for dei fleste linjene, seier han, og oppmodar passasjerane om å sjekke si busslinje i FRAM-appen eller på nettsidene til FRAM.
– Då er du førebudd når du skal ta bussen på nyåret.
Må endre på Torvhaugan
For ei av busslinjene blir det ei større endring. Dette gjeld linje 802, som frå 1. januar vil køyre færre turar til Torvhaugan. Røstberg forklarar at årsaka til dette er lave passasjertal over tid:
– Passasjertala våre viser at det er veldig få som går på og av bussen på Torvhaugan. Vi må legge opp rutene mest mogleg rasjonelt, og frå nyttår kjem 802 derfor til å køyre til Torvhaugan annan kvar tur på kveldstid på kvardagane. Det blir ikkje turar til Torvhaugan på laurdag og søndag, seier han, og fortset:
– Bussen brukar kortare tid på å komme fram når det er færre stopp, og kundeundersøkingane våre viser at framføringstid er viktig for passasjerane våre. Då må vi så langt det er mogleg unngå å køyre vegar der det er få eller ingen som tek bussen.
Vgs-elevar kan ta FRAM Express linje 100
Røstberg opplyser også at FRAM Ekspress linje 100 har endra rutetidene til å ha avgang klokka 07.58 frå Storbakken.
– Linje 100 vil stoppe for vgs-elevar og andre passasjerar frå Storbakken-området og er framme på Kristiansund trafikkterminal klokka 08.30. Vi oppmodar vgs-elevar om å bruke denne busslinja i staden for 812 når dei skal på skolen.
Linje 811 og 812
Frå 1. januar 2024 vil alle turar på strekninga Kristiansund sentrum–Sødalen–Storbakken–Kanestraum bli køyrt av busslinje 811. Tidlegare vart også delar av strekninga betent av linje 812, men no køyrer 812 utelukkande Kristiansund sentrum–Godhaugen–Kvalvika–Storbakken–Flatøy.
– Det derfor viktig å ikkje berre sjå på linjenummeret når du går på bussen, men også sjekke at linja faktisk går dit du har tenkt deg, seier Røstberg.
– I tillegg er det viktig å vere obs på at dei fleste turane med linje 811 endar på Sødalen.
Fleire tek bussen
FRAM ser ei positiv auke i talet på passasjerar på mange av busslinjene etter den store ruteomlegginga i 2020. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og Kristiansund kommune, og bakgrunnen var eit ønske om å utvikle kollektivtilbodet og auke talet på reisande. Målet med omlegginga var å auke frekvensen på bussavgangar på hovudtraseane på dei ulike linjene i Kristiansund og Frei.
Røstberg fortel at FRAM har følgt spent med på utviklinga sidan ruteomlegginga.
– I starten fekk vi mange klager, men etter kvart gjekk talet på klager drastisk ned. No ser vi at vi har svært god auke i talet på passasjerar. Passasjertala til og med oktober i år viser ei auke på om lag 59 000 passasjerar, samanlikna med same periode i 2019, som var før ruteomlegginga.
– For alle aktuelle linjer hentar vi ut statistikk både med og utan skoleskyss. Slik kan vi måle at auken ikkje blir påverka av skoleskyssen, men faktisk viser utviklinga i kor mange som vel å bruke kollektivtilbodet. Vi i FRAM er sjølvsagt glade for at stadig fleire tek buss, avsluttar han.