Fredrik og Rossy

Fjellferie i Vindøldalen

I sommar gjekk tolv år gamle Fredrik Bergersen Moen på Snota og Fruhøtta på to dagar i lag med faren sin. - Eg liker å nå måla mine, seier Fredrik.

Publisert Sist oppdatert

Fredrik bur i Trondheim, men bestefar hans kjem frå Mogjerdet i Øvre Surnadal. Far til Fredrik, Olav, voks opp med turar til Vindøldalen, både sommar og vinter.

- Hytta i Vindøldalen var mitt ferieparadis, fortel Olav. Vi bada i elva og besøkte slekta på Røstasætra. Om vintrane laga vi hoppbakke og gjekk skiturar. Eg snikra meg ei lita hytte med to etasjar, og fekk til og med ein liten omn inni, fortel han.

- Eg har så mange gode minne frå Vindøldalen, det var difor heilt naturleg å ta med meg Fredrik dit, seier Olav.

Biten av basillen

Kulturen med å gå i fjellet har forandra seg mykje sidan Olav var liten. Det var ikkje så stort fokus på å komme seg på ein topp. Det var sikkert nok arbeid å gjera heime på garden og på sætra, folket hadde verken tid eller krefter til å ta seg ein fjelltur.

Olav Vavold Moen og Fredrik Bergersen Moen

Far og son Moen har derimot vorte biten av basillen og drar mykje på fjellturar saman. I sommar gjekk dei på Snota og Fruhøtta på to dagar.

- Eg likar å få god utsikt og orientere meg, fortel Fredrik. Det gjer meg ei god kjensle å nå måla mine, da får eg ei mestringskjensle, seier han.

Olav fortel om ein målbevisst og sprek son.

- Det er artig for Fredrik å ha vore på Snota, det er dronninga i Trollheimen, det. Ein får høgdekjensla fort når ein går opp frå Vindøldalen, seier Olav.

Sjølv om ein godt kan kjenne det i beina etter ein Snotatur, var det ikkje noko problem å få med seg Fredrik på Fruhøtta neste dag.

Dårleg ver

Turen til Fruhøtta starta tungt. Myrene er lange og dryge å gå, og Vindøla var stor, så dei måtte va over. Denne dagen var gråare enn dagen før.

- Veret var «spanande», men Fredrik var fast bestemt på at han ville på toppen, fortel Olav.

På toppen av Fruhøtta

- Da vi kom på toppen hadde veret letna, og vi fekk ei nydeleg utsikt, seier Olav. Eg har aldri vore på Fruhøtta før, og eg fekk sjå Vindøldalen frå ei ny side, det vart ein fantastisk tur.

God kjensle i kroppen

Fredrik er ein allsidig gut. Han spelar fotball, er med på taekwondo og spelar gitar. Han har allereie planer om fjellturar til neste år.

Kva er det som er å gøy med å gå i fjellet da, tru?

- Det er godt å ta i, og kjenne at ein brukar kroppen, seier Fredrik. Eg får ei god kjensle i heile meg på fjellet. Veit ikkje heilt korleis eg skal beskrive det. Æ bli berre glad, æ!

Fredrik på tur opp til Snota.
Powered by Labrador CMS