
Grei gjennomkjøring før NM
Surnadal NTN Taekwon-Do klubb deltok lørdag med ein bra gjeng på Midt-Norsk mesterskap i Trondheim.
Utøvarar frå begge avdelingene Surnadal og Ålvundeid var med. Klubben ser på regionale stemne som ei fin utfordring sportsleg, men det sosiale er minst like viktig.
Folk på alle nivå frå landstoppen til nybegynnarar deltok.
På bildet er Ulrik Akrim som vann svartbelte jr. 55-65 kg. Nathalie Nordlund tok sølv i mønster for raudt belte og sølv i sparring i ein kombinasjonsklasse for raudt og svart belte.