ANNONSE:

Dame
Anne Marie Laugsand

Demensaksjonsuka - uke 38

Surnadal demensforening og helselag gjennomfører årets demensaksjon i uke 38 med bøssebæring og andre arrangementer.

20. september klokken 12.00 markerer de i samarbeid med Seniorfilmklubben den internasjonale alzheimerdagen, litt i forkant, med filmen IRIS i kinosalen på kulturhuset.

Fra klokken 14.00 samme dag holder de stand på Amfi utenfor Rema 1000, og klokken 19.00 inviterer de til åpent møte på Frivilligsentralen på Skei der de får besøk av Anna Marie og Karl Laugsand. Les om Anne Marie Laugsand på NRK Trøndelag.

Plakat om åpent møte.

Omtale vedrørende filmen Iris

«Iris» tek for seg skjebna til den britiske forfattaren og filosofen Iris Murdoch (1919-1999). Sjølv om det no er 24 år sia Murdoch gjekk bort, kom det seinast ut ei bok av ho på norsk for to år sia.

Men grunnen til at ein har valt «Iris» for å markere den internasjonale alzheimerdagen (litt i forkant), er sjølvsagt at Iris vart utsett for denne sjukdomen. Filmen baserer seg på boka «Elegy for Iris», der ektemannen til Iris, forfattaren John Bayley, fortel om samlivet med ho – frå det første møtet, fram til sjukdomen overvelda kvardagane deira.

Det er eit stjernelag som spelar paret; Kate Winslet og Hugh Bonneville (kanskje mest kjent frå «Downton Abbey») som det unge paret, og Judy Dench og Jim Broadbent som den aldrande utgåven. Broadbent vann forresten Oscar for sin rolleprestasjon, medan Dench og Winslet båe vart nominerte til same pris.

Filmen er frå 2001 og blir vist på Surnadal kino onsdag 20. september kl. 12 og det er gratis inngang.

Arrangør er Surnadal Demensforening og Helselag, i samarbeid med Seniorfilmklubben.

Plakat om kino
Powered by Labrador CMS