Politiet åtvarar mot dørselgjarar som prøver å lure eldre og sårbare personar
Torsdag ettermiddag la politiet i Møre og Romsdal ut denne meldinga på Politiloggen:
Politiet ønskjer å åtvare innbyggarane om omreisande personar i fylket som særleg oppsøker eldre personar og sårbare ved dørsal.
Vi har fått fleire meldingar dei siste dagane om personar, i område frå Sunnmøre til Nordmøre, som er kontakta av pågåande blomsterseljarar.
Det er også meldt inn tilfelle der personar er forsøkt eller utsette for såkalla vekslingsbedrageri.
I tilfelle som er meldt inn til politiet dei siste dagane, er det snakk om utanlandske seljarar som i nokre tilfelle er opplevde som svært pågåande. Dei lurer blant anna kjøparen til å tru at dei ikkje har gitt frå seg pengane eller gir for lite tilbake i veksel.
Det kan sjå ut som at dei oppsøker omsorgsinstitusjonar, eldresenter eller eldre som framleis bur i eigen bustad.
Våre generelle råd er:
- Ver varsam i møte med oppsøkande dørsal.
- Snakk med familiemedlemmer om temaet; særleg sårbare og eldre
- Avvis og ta kontakt med politiet så raskt som mogleg dersom du opplever å føle deg truga.
- Dersom du har blitt lurt bør du ta kontakt med politiet for vidare råd og rettleiing.