Ola Vikan tok NM-sølv i motocross
Laurdag køyrde Ola Vikan (14) tredje og siste runde i årets NM i motocross på Starmoen Motorsenter ved Elverum. Her køyrde Ola inn til ein fin andreplass og sølvmedalje, bak Ivar Emilsen.
Ola deltek i klassen MX 85 13 – 15 år, og han køyrer for Surnadal Motosportklubb.
Laurdagens runde var den tredje og siste runden i årets Norgesmeisterskap i motocross. Ola har frå første runde vist at han hevdar seg i norgestoppen, og har heile tida vore nummer to, bak Ivar Emilsen som til slutt vart Norgesmeister.
Les meir og sjå fleire bilde frå meisterskapen på todalen.no.