LESERINNLEGG - VALG 2021:

Per Ivar Lied (f.v.), Jenny Klinge og Geir Inge Lien.

Det finst betre alternativ enn EØS

Å sikre gode rammevilkår for eksportnæringane er sjølvsagt ein føresetnad for vekst og velferd i landet vårt. Derfor er det er trist at EØS-avtalen, som fråtek Norge nasjonal sjølvråderett på mange område, blir framstilt som den viktigaste og einaste føresetnaden.

Maritimt Forum Nordvest har utfordra oss i Senterpartiet til å svara på dette: Korleis kan vi arbeide for at Norge skal ut av EØS-avtalen samtidig som vi vil ha ei opptrappingsplan for den maritime næringa? Svaret er faktisk enkelt: Det er ingen motsetnad mellom å innføre kraftfulle verkemiddel for denne næringa og å arbeide for ein alternativ handels- og samarbeidsavtale med EU.

EØS blir altfor ofte framstilt som det einaste alternativet som eksisterer, av til dømes aktørar innan den maritime næringa, NHO og av regjeringspartia, Sannheita er at vi allereie har andre handelsavtalar og tollavtalar med utlandet som ikkje avheng av EØS-avtalen. Nokre av desse kan vi falle tilbake på ved ei EØS-utmelding, fordi dei trer i kraft igjen. Vi har også høve til å inngå andre, nye og betre avtalar.

I første omgang ønskjer vi i Senterpartiet ei utgreiing av alternativa til EØS. Vi vil altså ikkje melde Norge ut av EØS umiddelbart. Vi ønskjer ein grundig diskusjon i Stortinget på bakgrunn av eit godt kunnskapsgrunnlag - både om kva avtalar vi allereie har, slike som vil gjelde etter ei eventuell utmelding av EØS, og kva for avtalar vi kan forhandle om framover.

Kvifor i all verda er då td Høgre og Venstre så rabiat mot ei slik utgreiing? Dersom dei oppriktig meiner at EØS kjem til å koma best utav samanlikninga, burde dei ikkje vera redde for ei utgreiing. Men vi legg merke til at dei dessverre heller vil spreie usannheiter om kva det vil innebera å forlate EØS enn å få kunnskap om alternativ som kan gi Norge nasjonal sjølvråderett tilbake på mange punkt.

Saman med Island og Lichtenstein har Norge nemleg inngått ein avtale som medfører massiv overføring av nasjonal suverenitet. Alle andre land utanfor EU som har handelsavtalar med EU, har klart å forhandle seg fram til reinare handels- og samarbeidsavtalar. Senterpartiet meiner det er på tide å kaste husmannsånda til regjeringspartia over båten og sjå nærare på alternativ som betrar situasjonen.

Frihandelsavtalen vil tre i kraft om vi forlet EØS, og med det er norske industrivarer sikra tilgang til marknaden i EU. Den låge tollen vi har på fersk norsk laks frå Norge til EU kjem til å halde fram akkurat likeins om vi forlet EØS, og vi vil behalde full tollfriheit på industrivarer. Dette kan gjerne Maritimt Forum Nordvest og NHO orientere sine medlemmar om òg.

Det er på tide at diskusjonen om EØS blir meir kunnskapsbasert og mindre følelsesbasert. Og det er på tide vi får eit sterkt Senterparti inn i regjering, som har den nødvendige kritiske sansen når det gjeld overnasjonale avtalar. Å legge seg på rygg kvar gong EU kjem med eit nytt direktiv er ikkje i vår stil. Motstanden mot EØS veks også i befolkninga.

Hugs at EØS legg kraftige band på viktige område i norsk politikk, som distrikts-, arbeidslivs- og næringspolitikken. Døme er arbeidsgivaravgifta - og anbodsreglane som hindrar meir bruk av lokale og nasjonale leverandørar. Arbeidsfolk og næringslivet burde saman vore kritiske til EØS.

Berre 44 % svarte nyleg at dei ville ha stemt for EØS viss det var ei folkeavstemming no, i ei undersøking gjort av NUPI. Når folket klarer å sjå forbi skremselspropagandaen som kjem mot vårt EØS-standpunkt, kan heilt sikkert næringslivet gjera det òg.

Føresetnaden er meir kunnskap om kva avtalar vi allereie har uavhengig av EØS og om dei alternativa som faktisk finst til den gjeldande EØS-avtalen. Vi har allereie ein god peikepinn frå MenonEconomics si utgreiing (61/2019) om alternativa til EØS-avtalen, som viser at det er fullt mogleg å forlate EØS og finne betre alternativ i staden.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant og førstekandidat
Geir Inge Lien, andrekandidat
Per Ivar Lied, tredjekandidat
Møre og Romsdal Senterparti

Powered by Labrador CMS