LESERINNLEGG:

Kjell Gunnar Polden i Surnadal MDG.

Er det råd å få offentlege toalett på Kvanne og Rykkjem?

Etter å ha køyrt eit utal med fergestrekningar på Sunnmøre og i Sogn siste veka, slår det meg at einaste plassene det ikkje er offentleg toalett på kvar side av fjorden, er på strekninga Kvanne-Rykkjem. Dette er dårleg miljø- og næringslivspolitikk på fleire måtar. Menn i min alder må gjerne ofte urinere med jamne mellomrom, så dersom fergetida viser seg å ikkje vera heilt « tima», så må ein finne passe plass på Ålvundeid eller før Kvanne. Står du å ventar på ferga ein time på ei av sidene og får, eller har magesjau, ja da er gode råd dyre. På søndag stelte eit ungt par ungen i sola, og det var greit, men ikkje når det er 14 minus og snødrev. Vil vi at Kvanne og Rykkjem skal vera offentlege friluftstoalett og stellerom? For det er dette som skjer i praksis, for må du så må du.

Kunne dette vore ein oppgave for kommunene Sunndal og Surnadal i lag? Vi vil da vel ha turistar hit også, men berre dei som ikkje treng på do? I verste fall kan dei drite i å stoppe her, for første møtet ser ikkje lovande ut, eller dei drit når dei stoppar ved fergeleiet og får så dårleg samvit at dei passerer fortast råd.

Er det Fjord1 som har ansvaret? Kan vi på noko slags vis i tilfelle legge press på dei? Føler som lokalpolitiker at det er nødvendig å stille spørsmål ved saka, sjøl om kanskje ei slik lita dritsak ikkje er ei fanesak akkurat.

Kjell Gunnar Polden

MDG Surnadal

Powered by Labrador CMS