Kyrkja i Surnadal:
Fin messe for verdigheit
Torsdag arrangerte kyrkja i Surnadal fagdag om seksuelle overgrep på kulturhuset. I forlenginga av fagdagen vart det invitert til messe for verdigheit i Øye kyrkje, ei messe som verkeleg vart ei fin og verdig gudsteneste som sette fokus på overgrep, men som samtidig fokuserte på håp.
– Når vi inviterer til messe for verdigheit, er det for å skape eit rom der vi saman støttar håpet om ei god framtid for dei av oss som er råka av vald og seksuelle overgrep, heitte det i invitasjonen til messa.
Gudsteneste med litt annan liturgi
Liturgien som vart nytta under kveldens messe for verdigheit er utarbeidd av Kirkelig ressurssenter mot seksuelle overgrep, også kjent som VAKE. Messa hadde som hovudmål å gje offer for overgrep ei stemme.
Prost Vidar W. Rygh innleia med å sitere frå ein tale Elie Wiesel, filosof konsentrasjonsleirfange, forfattar og Nobelpris-vinnar, heldt for den amerikanske kongressen i 1986. Her sa Wiesel mellom anna at: «Likegyldighet er ikke bare en synd, den er i seg selv en straff».
– Vi er her i kveld for å gje ei stemme til alle som er berørt av overgrep. Vi er her for å huske, og vi har hørt og vi tror på det vi har hørt, sa Rygh.
Fleire gripande historier om overgrep
Under messa vart det lese opp fleire gripande og sterke historier frå personar som hadde vore utsett for overgrep rundt om i landet.
Fleire av historiene handla om overgrep i nære relasjonar, historier som fortel om unge liv som blir prega og øydelagt for alltid.
Biskopen med klart bodskap
– Tenk på hvordan det er å vokse opp med en hemmelighet som ikke er god, og tenk på hvordan det er å vokse opp med en hemmelighet som ikke er en hemmelighet, fordi så mange vet om den? Tenk å vokse opp med noe som er for vondt til å sette ord på?, desse spørsmåla starta biskop Ingeborg Synnøve Midttømme preika si med.
– Lyset skinner fortsatt, og mørkret har ikke vunnet over det. Selv et lite lys gjør at det fortsatt ikke er helt mørkt, sa ho.
– Bibelen skriver usminket og sant om livet, var den klare bodskapen biskop Midttømme kom med i preika si.
Raud knapp frå Surnadal sanitetsforening
Elinor Bolme frå Surnadal sanitetsforening starta med å presentere Rød knapp-alliansen, som har som formål å stoppe vold mot kvinner.
– Eit viktig ledd i å bekjempe vold mot kvinner, er synleggjering av problemet, sa Elinor.
– Målet er difor at så mange som mogleg skal bruke knappen, og til no er det delt ut over fire hundre tusen knappar, la ho til.
Knappen er altså raud med fire hol. Raudt symboliserer stopp, men og kjærleik, medan hola symboliserer rettigheiter, hjelpetilbod, førebygging og forsking.
Elinor kunne også fortelje at 11 prosent av alle norske kvinner er utsett for partnarvald, 23 prosent er utsett for ei eller anna form for valdtekt, der halvparten av desse var under atten år da dette hende. 20 prosent av alle på krisesentera har vore utsett for seksuelt vald frå partnaren sin. 25 prosent av alle drap i Norge er partner-drap, der eit klart fleirtal av ofra er kvinner. Ein tredjedel av Norges kommunar manglar handlingsplan mot vald og overgrep.
Uttrykte håp
Ordførar Hugo Pedersen fortalte at han det siste halve året har fått høyre mange historier om overgrep, noko som pregar han sterkt.
– Eg har valt å anerkjenne og tru på ofra, og eg er no heilt sikker på at overgrep har skjedd, sa ordførar Pedersen.
– Eg har også valt å fortelje om det offentleg og beklaga det som har hendt, noko eg er glad for at eg har gjort, la han til.
Pedersen gjentok orsakinga si til overgrepsoffera under torsdagens messe.
– Denne gudstenesta er forhåpentleg vis starten på noko nytt som gjev håp, avslutta Pedersen.
Nattverd, rundtur i kyrkja og musikk
Det var nattverd for den som ville, og det var laga forskjellige stasjonar med symbolikk, som dei som ville kunne gå rundt og sjå på.
Organist Amund Valde bidrog musikalsk på orgel, og på eit par melodiar på flygelet, der han spela saman med Ellen Rensvik, som spela fiolin.
Kyrkjekaffe
Surnadal sanitetsforening stilte med kaffe, mat og kaker til kyrkjekaffeen. Det var så mykje mat at det vart kyrkjekaffe både før og etter gudstenesta.
Ei verdig og fin messe for verdigheit og ettertanke. Kyrkja i Surnadal skal verkeleg ha skryt for førebuingane, innhaldet og gjennomføringa!
Bildeserie: