ANNONSE:

Bilde fra en scene i filmen 'Picnic med døden'
4 menn står ved en bil og prater sammen og smiler
«Gutta på tur!» God stemning mellom Ned Beatty, Burt Reynolds, Ronny Cox og Jon Voight før (u)turen startar.

Film, kunst og magi i Surnadal

Inviterer til picnic

Dei fleste hugsar nok da dei såg PICNIC MED DØDEN (1972) for første gong. Da satt sikkert mange av dei som les dette heilt frampå ein lakka trestol i Trudvang. No er sjansen der igjen, men denne gongen på eit noko mjukare sitteunderlag i Surnadal kino.

PICNIC MED DØDEN handlar om noko som tilsynelatande skulle vere ein koseleg kanotur med fire bykarar, men som utviklar seg til å bli eit mareritt og ein heftig kamp for å overleve.

Det starta rett nok idyllisk, med den kjente banjoduellen. Men etter kvart vart det duellert med langt verre våpen.

PICNIC MED DØDEN, som går på kinoen onsdag 22. mars kl. 12, er den siste seniorfilmklubb-filmen i vår. Men klubben er tilbake igjen sist i september med filmar som «Moulin Rouge», «The Shape of Water» og «Alle hater Johan».

Men om det ikkje er så mykje gammal film å sjå framover, er det mykje ferskvare å finne på kinoen:
Den norske familiefilmen «Dancing Queen» blir vist frå fredag 17. mars. Og frå da blir det også gjensyn med ein noko utradisjonell superhelt: «Shazam: Fury of The Gods». Og fredag 24. mars blir det skrive eit nytt kapittel i soga om John Wick (John Wick: Chapter 4).

Las Vegas til Surnadal

Alexx Alexxander inviterer til ei magisk showoppleving som det smakar Las Vegas av – i Surnadal kulturhus søndag 26. mars.

Alexx Alexxander er den einaste nordmannen nokon gong som har vunne magiens mest prestisjefylte pris, The Merlin Award. Og det attpåtil to gonger! Denne utmerkinga er for magi det same som Oscar er for filmbransjen. For å komplettere: Han vart også peika ut som ”Illusionist Of The Year Europe” i 2019.

Alexx Alexxander tek publikum med på ein heilaften fylt med humor, spektakulære illusjonar og showmanship i verdsklasse – som passar eit publikum i alle aldrar; inkludert den eine som blir henta opp for å sveve i lause lufta…

Sort bakgrunn og på denne er det en mann med sort hår og sort jakke. Til venstre for han står det 'The mgic of Alexx Alexxander'

Kortreist kunst

Surnadal kulturhus stiller ut eigen kunst fram mot Vårsøghelga.

Surnadal kommune har ei ganske stor kunstsamling som er hengt opp i ulike kommunale bygg. Nokre av desse kunstverka har også funne sin heim på kulturhuset; og her har også kunstforeininga og Laget Vårsøg bidrege.

Og i påvente av at akkurat Vårsøghelga treng lokalet til si utstilling sist i mai, blir Finstuå no bruka til denne kortreiste utstillinga av kunst du finn, eller kunst du kanskje ikkje har funne, på kulturhuset.

Et maleri av en kvinne med hvit kjole og rødt skjerf.
Kalla Skrøvseth, portrettert av Jon Arne Mogstad. Båe surnadalskunstnarane har andre bilete på utstillinga.
Bilde fra galleriet med mange bilder i forskjellige størrelser som henger på veggen.
Powered by Labrador CMS