Kulturskulens rockekonsert:

Gitarist Jonas i Byggesett.

Bra trøkk i Storstuå på ein torsdagskveld

Torsdag kveld inviterte Surnadal og Rindal kulturskule til rockekonsert i sjølvaste Storstuå. Heile fem band fekk vi høyre i løpet av kvelden.

Publisert

Første band ut var frå Rindal, og dei var namnlause. Dei hadde prioritert å øve på songane i staden for å finne på namn, og det let rett så bra. Mellom anna fekk vi høyre ein fin versjon av Do I wanna know, Arctic Monkeys.

Daniel og Mona frå Rindal.

Kveldens yngste band, The Lame Flaming Kings, sjarmerte veldig med Kaizers Hjertekunser, før dei dro til med Arctic Monkeys’ I wanna be yours.

Simone på gitar, Nina på tangentar, Sunniva på vokal og Henrik på trommer har med seg læraren, Rune på bass.

Neste band ut var Byggesett, og det mistenkjast at bandnamnet kjem av at dei er sett saman for anledninga, men det er absolutt ei samansetjing vi vil høyre meir av. Med Cranberries’ Zombie’, og You really got me know, Kinks klassikar, rykte det i rockefoten både på scena og i salen.

Byggesett: Sigve, Ida, Ingebrigt og Jonas

Design begynner å bli skikkeleg rutinerte. Dei opna med Sweather Weather, som handlar meir om kjærleik enn dårleg vër, og dei leverer med stor innleving, før dei spelar No. 1 Party Anthem. Arctic Monkey ser ut til å vere ei stor inspirasjonskjelde for kulturskuleelevane.

Nicolas på gitar, Rune på gitar, Ellen syng, Ingebrigt er også her bak trommene, Ida på tangentar og Sigve denne gongen på bass.
Design følgjer med i tida, og har plukka opp den fine versjonen Emma Steinbakken gjorde av Bjørn Eidsvåg sin Floden. Med Ellen sin intenst fine song og støre stemme vart dette eit av dei store høgdepunkta.

Echo avslutta ballet og starta med to songar på norsk. Eriksen-låta Kanarifuggelens song vart framført så fint at det berre var å lene seg tilbake og nyte. Som alle som nokon gong har hatt kjærleikssorg veit, så handlar rockelåtar nettopp om det. Echo valde og ei tolking framført på Hver gang vi møtes, og spelte Eg vil ikkje se deg med ham, Arne Hurlen sin versjon av ei Maria mena-låt. Godt gjennomført.

Thor Alfred på gitar, Johanne på tangentar, vokalist Ida, bassist Rune, og så fekk vi høyre Sigve traktere kveldens tredje instrument, nemleg slagverk.

Det var 15 kulturskuleelevar som deltok på konserten, fordelt på fem band, og vi såg at same musikarane i fleire. Ida song i to, Ingebrigt tromma i to og Sigve var med i dei tre siste banda med tre ulike instrument. Det kan ikkje seiast anna enn at dei har eit brennande engasjement. Men det som ikkje ser ut til å vekse på tre er bassistar, da lærar Rune måtte steppe inn fleire band på bass. Nor er det sannsynleg at han likar det, men det hadde jo vore kjekt med litt yngre ungdommar i rolla og. Så vi må berre oppmode til å søkje kulturskuleplass med bass som instrument.

Multitalent; For ikkje lenge sidan fekk Sigve mykje merksemd fordi han har eit stort talent i kulestøyt, men det er ikkje mindre imponerande at han spelte tre instrument denne kvelden. Kompisane røpte at han og spelar kornett.
Bildetekst: Ida var vokalist i to band denne kvelden, og med straks ti år i kulturskulen er ho ikkje berre veldig flink å synge, men og særdeles scenevand og trygg.

Eit slikt arrangement er rein luksus ein torsdagskveld, og det må vere vanskeleg å finne noko betre å investere ein femtilapp i. Flott gjennomført av kulturskulen. Takk for lyden!

Bildeserie:

Powered by Labrador CMS