SpareBank 1 Nordmøre

Inviterer ungdommen til jubileumsfeiring

SpareBank 1 Nordmøre inviterer til gratiskonserter med Lille Caesar og Noras Legrand i Storstuå

Publisert Sist oppdatert

I år fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år, eit jubileum som allereie har vore markert gjennom fleire arrangement dette året. No er det ungdommane sin tur til å vere med på feiringa, kunne Liv Dalsegg og Arne Berset fortelje under eit pressetreff på Øye onsdag formiddag.

Onsdag 17. september inviterer SpareBank 1 Nordmøre til gratiskonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus der det blir konsert med Lille Caesar (Adam Gryting) og Nora Legrand. Nora har tidlegare vore med i The Voice.

– Vi håper ungdommane møter opp og fyller Storstuå på kulturhuset onsdag 17. september. Det er plass til 300 i Storstuå, så det kan vere lurt å sikre seg billettar allereie. Det gjer ein mellom anna på banken sine heimesider, fortel Dalsegg og Berset.

På pressetreffet møtte vi fem unge damer frå åttande trinn, som alle fem allereie hadde skaffa seg billettar. 

– Det er Lille Caesar vi gler oss mest til, sa dei fem unge damene. 

Torsdag 18. september inviterer SpareBank 1 Nordmøre til same konsert på Kulturfabrikken i Kristiansund torsdag.

 

Powered by Labrador CMS