Vårsøghelga med ny podkast, "No skin det sol":

Vårsøghelga sin nye podkast, "No skin det sol" - episode 1

Ved elven på Vinnavolla

Velkomen til den første podcasten i regi av Vårsøghelga. «No skin det sol», heiter den, og episode 1 er spela inn på sjølvaste Vinnavollen i Sunndal. Plassen mange er gjort kjend med i «Nordmørsminne».

Elva var ikkje så stri, men ein fin vårkveld var det, og det kjentes heilt fortrolla.

Ole Magne Ansnes leiar praten med Anders Larsen, dagleg leiar i Vårsøghelga. I løpet av 25 minutt får du høyre om oppveksten Nedpå Moå, om vegen fram til å bli profesjonell fiolinist, det er eit streif innom Karlvika – og sjølvsagt mykje om Vårsøghelga, programmet og alle utfordringane i den spesielle tida vi er i.

Og til slutt blir Nordmørsminne spela. Ved elven på Vinnavolla. Med fiolin og gitar, og med elvasøget som ekstra akkompagnement.

Steinar Husby har ansvar for lyd og bilde.

Styreleiar i Laget Vårsøg, Ole Magne Ansnes, seier at det er planlagt fire-fem episodar av podkasten i løpet av veka. Den neste blir frå Surnadal Billag, og det er og planlagt podkast frå Kleiva.

Styreleiar Ole Magne Ansnes og dagleg leiar Anders Larsen i Laget Vårsøg framfører "Nordmørsminne" i samband med innspeling av den aller første episoden av Vårsøghelga sin nye podkast "No skin det sol".

– Vi i Laget Vårsøg tykkjer dette er ei stor hending, og i alle fall ei nyheit - då Vårsøghelga ikkje har gått på lufta på denne måten tidlegare, seier Ansnes, som fortel at det var heilt spesielt å spele inn podkast på Vinnavolla - på sjølvaste pinsedagen.

– Eg vil anbefale alle som har lyst på ein fin tur, til å ta turen ned til Vinnavollen og gå langs Driva nedover mot Hol. Eg tykkjer det er ein spesielt fin del av Nordmøre, seier han, og legg til:

– Vi gler oss veldig til Vårsøghelg. Endeleg skal det komme litt kultur ut til folket igjen.

NB! Som det og blir sagt i podkasten, er Trollheimsporten med som samarbeidspartnar for "No skin det sol".

Podkasten, som og er med video, kan du sjå og høyre her:

Powered by Labrador CMS