Koronavirus:

Illustrasjonsbilde av koronaviruset.
Illustrasjonsbilde av koronaviruset.

Påvist smittetilfelle i Surnadal

Den smitta, ein eldre person, er isolert og smittesporing er i gang, melder kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune.

– No har kommunen vore koronafri ein del veker, men vi fekk melding om eit nytt tilfelle i går kveld og smittesporing er i full gang igjen. Den smitta er ein eldre fullvaksinert person.

Det skriv kommuneoverlege Bjørn Buan på Surnadal kommune sine eigne heimesider.

– I lys av smittesituasjonen i landet og i regionen rundt oss, er det som forventa. Kommunen har vore forberedt på at smitte vil dukke opp og har beredskap for å minimere konsekvensane, skriv Buan.