Lærar Knut Herrem:

Knut Herrem var først ute med tone til «Vårsøg».

Laga første melodi til «Vårsøg»

Det er i det siste sagt mykje om diktet «Vårsøg», om bruken av namnet og om forfattaren som skreiv det. Utan å kommentere det finn eg det interessant å presentere første tonen til diktet.

Publisert Sist oppdatert

Lærar Knut Herrem (1904-1958) tonesette diktet ikkje lenge etter at det vart publisert. Det er hans melodi du ser kopi av her – i komponistens eige korarrangement og med hans eiga noteskrift.

Originalnoten – i komponistens eiga handskrift.

Knut Herrem var lærar på Surnadalsøra. Mange av hans elevar hugsar han sikkert enno.

Frå 1941 var han klokkar i Ranes-kyrkja, der han også gjorde orgelteneste eit års tid medan organist Gudrun (Ranes) Sogge hadde permisjon. Som korleiar dirigerte han Surna Misjonskor i mange år.

Herrem komponerte fleire melodiar enn «Vårsøg», og for nokre år sidan sørga etterkomarar for å få spela inn ein CD med nokre av songane hans.

Powered by Labrador CMS