
Inviterer til forsvarshistorisk sommartur til Surnadal
Tysdag 26. august inviterer Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre brigadeveteranforening sine medlemmer og andre forsvarsinteresserte til forsvarshistorisk sommartur til Surnadal.
I år er det åtti år sidan andre verdskrig var slutt, og litt over fem år med tysk okkupasjon var over. Dette vil også bli markert under sommarturen til Surnadal.
Fredag formiddag var det invitert til pressetreff for å orientere om programmet for dagen. Øyvind Holte, Olav Jostein Holten og Lars Indreiten kunne fortelje at dagen startar klokka i kammerset, altså kinosalen på Surnadal kulturhus.
I kinosalen vil Øyvind Holte vise bilete og fortelje historier knytta til desse. Her vil ein få sjå bilete frå tyske forsvarsverk frå andre verdskrig. Her vil ein også få høyre meir om to jagarflynaudlandingar, ei i Øyageilen og den andre på Indre Rød på Halsa. Det vil bli høve til å stille spørsmål under vegs i programmet.
Etter at Øyvind Holte er ferdig med å vise bilete og fortelje historier knytt til desse, vil Thon Hotel Surnadal servere kaffe med noko å bite i. Her betaler kvar enkelt for seg sjølv, opplyste dei tre karane.

Når programmet på kulturhuset er ferdig, vil programmet halde fram på den krigshistoriske minnesamlinga på Åsen. Her er det samla mykje krigsmateriell frå andre verdskrig, og Olav Jostein Holten vil fortelje litt om samlinga og svare på eventuelle spørsmål.
Arrangørane håper at mange finn programmet interessant og tek turen til kulturhuset og Åsen tysdag 26. august.
Alle forsvarshistorisk interesserte er velkomne!, avsluttar dei tre karane.
Under vandringen får man blant annet høre mer om leiren på Øye under krigen.
Se linker til omtaler av den forsvarshistoriske vandringen i 2017:
Inviterer til krigshistorisk vandring - Trollheimsporten
Krigshistorisk vandring på Øye - Trollheimsporten