Utsikten over fjorden og fjell fra en gressplen med gjerde rundt og et tre på kanten
Søndagens gudstenestearena har fantastisk utsikt over Åsskardfjorden.

Utegudsteneste i Åsskard søndag

Grendaplassen på Åsskard er gudstenestearena søndag. Barnedåp, preike, fiolinmusikk, kyrkjebåtroing og vakker utsikt bidrar til ein fin kyrkjedag.

Publisert Sist oppdatert

Grendaplassen ligg ved bustadfeltet nedafor vegen ytst i Åsskard-grenda, nokre hundre meter vest for kyrkja. Avkjøring blir skilta. Det er ordna med parkering for bilar. Ein kan gjerne ta med eigen stol.

Prosten leier gudstenesta

Prost Vidar Wilhelmsen Rygh forrettar. I teamet deltek elles klokkar Randi Bøe, organist Bernt Bøe og fiolinist Synnøve Hammervold, truleg også ei songgruppe. Dagens takkoffer går til kyrkjelydsarbeidet.

Roing med «Hjelmkonnå»

Til gudstenesta kjem også roarar med kyrkjebåten «Hjelmkonnå». Desse startar i 10-tida frå Småbåthamna i Bøfjorden.

Arrangør for båtturen, Bøfjorden Historielag ved høvedsmann Tore Sannes, tilbyr frivillige til å bemanne årane i den klassiske kyrkjebåten. Turen «på gammelmåten» innover Åsskardfjorden er ei minneverdig oppleving. Roarane kan ta med eigne redningsvestar - eventuelt også sitteunderlag og hanskar.

Mange mennesker i en lang robåt ror på fjorden
Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» trivst på Åsskardfjorden og representerer hundreårig tradisjon.

Museet inviterer etterpå

Etter gudstenesta inviterer Bøfjorden Sjøbruksmuseum til kaffesamver. Der kan ein også få med seg kåseriet «Heimspråket vårt».

Ved dårleg ver blir gudstenesta flytta til Åsskard-kyrkja.

En gapahuk står ved skogen på en gressplen
Gapahuken på Grendaplassen blir sentrum for samlinga.

ANNONSE:

Plakat for grendaplassen Åsskard
Powered by Labrador CMS