Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag
![Alle 24 på Norskå 250 moh. Ei gruppe turkledde pensjonister oppstilt på en fjelltopp.](https://image.trollheimsporten.no/255015.webp?imageId=255015&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
Sesongavslutning i overlagsver!
Heile 24 opplagte fotturfolk for med
Kvennaferjå for å kom seg til Tingvoll og Norskå - eit heilt nytt utfartsområde
for oss. Men den gode vegen og etter kvart stien, viste at her for det mange.
Og mange sprekingar møtte vi, både som kom ned att frå morgontur og som nådde
oss att på opptur. Stort sett berre kvikke damer, som slett ikkje virka
frustrerte. Vel oppe ved toppflagget åpna det seg eit overlags utsyn vide
omkring, sjølv om vi var berre 450 m over flomerket. Nordmøre er vakkert -
ikkje minst ein slik klår haustdag. Og vi såg både heim til Surnadal og
Knykjen, - liksom litt tryggare da, når vi var så langt heimåfrå. Men ikkje
verre enn at vi til års skal prøv oss på grannefjellet, Kjerkjeberget eller
Tuvå som dei seier lokalt.
Vi skal ha avslutningssamling på Hammerstuene seinare i haust, så vi kjem etter kvart med nærare dato m.m. i Trollheimsporten og Todalen.no.
![Vi møtte rytter og hest fra Stall Stølan. Ei dame med ridehjelm som holder en påsalet hest.](https://image.trollheimsporten.no/255027.webp?imageId=255027&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Ser ned på Tingvoll og Tingvollfjorden. Turkledde folk på fjelltur.](https://image.trollheimsporten.no/255031.webp?imageId=255031&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Oppover fin sti med røtter. Turkledde folk på fjelltur.](https://image.trollheimsporten.no/255029.webp?imageId=255029&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Tørt og lett på fjellgrunn. Turkledde folk på fjelltur.](https://image.trollheimsporten.no/255033.webp?imageId=255033&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Sti som eit smykke i naturen. Myrlandskap.](https://image.trollheimsporten.no/255037.webp?imageId=255037&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Ein passiar før toppen. To turkledde damer på fjelltur.](https://image.trollheimsporten.no/255038.webp?imageId=255038&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Ein imponerande fin tur med overraskande vidt utsyn. Turkledde folk på fjelltur.](https://image.trollheimsporten.no/255036.webp?imageId=255036&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Fin utsikt til Nesøya og Stangvikfjorden. Utsikt over fjord og fjell.](https://image.trollheimsporten.no/255039.webp?imageId=255039&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Tjønn og topp like bak toppvarden. Et vatn på fjellet, og noen personer i bakgrunnen.](https://image.trollheimsporten.no/255035.webp?imageId=255035&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Flott utsyn rundt om i alle retningar. Utsikt over fjord og fjell.](https://image.trollheimsporten.no/255043.webp?imageId=255043&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Ser innover Surnadalsfjoren og heilt heim. Ei dame ved ei myrtjønn.](https://image.trollheimsporten.no/255042.webp?imageId=255042&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Tilbake til toppvarden. Mylandskap, og folk som vandrer. Fjell i det fjerne.](https://image.trollheimsporten.no/255041.webp?imageId=255041&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![Alle 24 på Norskå 250 moh. Ei gruppe turkledde pensjonister oppstilt på en fjelltopp.](https://image.trollheimsporten.no/255015.webp?imageId=255015&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)
![På heimveg over Stangvikfjorden. Utsikt over fjorden.](https://image.trollheimsporten.no/255040.webp?imageId=255040&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=644&format=jpg)