Sjøbruksmuseet søndag:

Kolset laga i 1771 altartavla til den nye Bremsnes kyrkje.

Kunstjubilant fram i lyset

300-årsjubileet for nordmørskunstnaren Ole Kolset blir søndagens tema på museet i Bøfjorden.

Som ung dekorerte Kolset preikestolen i si barndoms kyrkje, Halsa.

På plakaten stod opprinneleg «Havets Sølv - Kystens Gull» med bokaktuelle Per Helge Pedersen. Men sjukdomsforfall gjer at hans program om storsilda og fiskebyen Kristiansund må koma seinare i sommar.

I staden steppar Bernt Bøe inn med biletkåseri om kyrkjemålaren Ole Joensen Kolset (1722-1789). Jubileet for ein stor kunstnar, truleg fødd i Bøfjorden for 300 år sia, blir dermed framskunda nokre veker.

Han signerte også preikestolen i Halsa (1751).

Kolset har etterlate seg mykje kyrkjekunst både på Nordmøre (Halsa, Bremsnes, Frei og kanskje Mo) og på Helgeland (Mosjøen, Alstahaug, Rørstad og Grane).

Han etablerte seg etter kvart i Kristiansund. Søndagens kåseri trekkjer fram ei ukjend, men frodig livshistorie – også med innslag av dramatikk. Og lerretet viser mange av Kolset sine fargerike kunstverk frå dei nemnte kyrkjene.

Randi Bøe får omvisning av Nils Erik Østerud i Dolstad-kyrkja i Mosjøen, der Kolset har måla alle disiplane på preikestolgalleriet.

Museet er ope heile ettermiddagen med kaffebord, lodd- og kiosksalg.

Powered by Labrador CMS