Hobbydag:

Blåseensemble med trompeter, tuba og trombone spiller rundt notestativer.
Messingkvartetten spela gratulasjon til biletkunstnar Sigrun Hesjehagen, som fylte år. Frå venstre Eli Berg, Tone Hustad, Bjørn Stomsvik, jubilant Sigrun og Sigfred Gravvold.

Arena for mangfald

Folk set pris på møteplassar. Det prega aktivitetsdagen på museet i Bøfjorden. Kaffepraten rundt borda er alltid ein sosial vinnar. Denne søndagen var dertil salen fylt av hobbyprodukt - treskjering, biletkunst, porselensmåling og strikkavarer.

Publisert

Utstillarane fekk både vist fram og selt flotte ting dei skaper. Imponerte kundar handla julegåver.

To kvinner ved et bord med fargerike håndstrikkede tekstiler og plagg.
Kirsten Baadnæs Bøe og Gunnvor Edel Bøe sørga for varme julegåver.
Skjeggete mann ved bord med trearbeider, plaketter og innrammede bilder i et verksted.
I sin personlege akantus-stil lagar Ivar Barlaup flott treskjerarkunst. Han viste også nokre av sønnen Bjørnar sine tusjbilete.
Detaljert relieffkart i en trekasse på et bord, omgitt av kart og treutskjæringer.
Mykje tid og flid ligg i Ivar sitt relieffkart over Stangvik sokn – utskore i eitt stykke bjørk. Til høgre hans veldekorerte «mangel-tre».

Alpetonar og gratulasjon

Også musikk og forfattarskap kan utfalde seg i dette miljøet. Messingkvartetten «Bohland & Fuchs» frå Sunndal og Surnadal er oppkalla etter to gamle instrumentfabrikkar. Leiar Bjørn Stomsvik fortalte om kvart av dei historiske instrumenta – ikkje minst om tubaen frå 1920-talet, som har opplevd litt av kvart!

I ei konsertavdeling spela dei tonar frå Alpetraktene og nærare himmelstrøk. Og sia kunstmålar Sigrun Hesjehagen fylte år akkurat denne dagen, vart ho oppvarta med fulltonande gratulasjon!

Mann holder en stor messingtuba i et trepanelkledd interiør.
Den hundre år gamle tubaen fortel historie: Laga i Tsjekkoslovakia, kom til Norge med tyskarane i 1940, gjenombora av to kulehol, men kling godt!

Forfattar med slektsbok

Så dukka «kunnskapsgartnar» Karl Otto Kalseth opp med sitt nyaste bokverk - om slekta si frå Kalset og Sjølgjetla ytst i Bøfjorden! Bibliotekaren med leiarerfaring frå industri og institusjonar på øvste nasjonale plan, fødd i Kristiansund og med bøfjordsk blod i årene, har henta fram mykje vi ikkje visste. Litt av ei gåve til historielaget!

Mann med briller holder en modellbåt i et rom fylt med maritime modeller.
«Kunnskapsgartnar» og forfattar Karl Otto Kalseth formidlar både mytologi og levande familiehistorie i si ferske bok frå Kalset og Sjølgjetla.

Tantetreff

Apropos møteplass: Ein museumsdag blir særleg artig når slektningar ser kvarandre for første gong nettopp her. Det har skjedd fleire gonger; denne dagen med tre frå Lillegård-slekta:

– Du er så lik mor di! sa tante Ingrid Bævre til trompetist Tone i messingkvartetten. Og kusinene Inger Garthe og Tone Hustad møttest visst for første gong!

Tre kvinner sitter foran fargerike tekstiler og kurver.
Spontant møte: Tante Ingrid Lillegård Bævre flankert av niesene Inger Garthe (t.v.) og Tone Hustad.

Litt av ein biltur

Museet er som puben. Ved borda går praten om siste nytt og om alt anna: Livet på frakteskutene. Flotte fjellturar. Skrinet frå 1860 - og andre gåver til museet.

Marta Havdal repeterte sommarens store biltur, da ho køyrde (åleine) tur-retur frå Meisingset til Finnmarka. Men ikkje utan skipppel: Motorhavari i Narvik tok så lang tid på verkstad at det vart flytur heim til Nordmøre. Da bilen omsider var reparert, tok Marta buss-tog-buss nordover att.

– Nydeleg biltur frå Narvik til grensa lengst i nord! Lite trafikk, så eg kosa med heile vegen oppover – før eg så rulla heim att til Meisingset, sa 86-åringen - til fortent applaus frå salen!

Sosialt blir det også neste søndag: Da er det sesongslutt på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Og som alltid: Med sildballmiddag!

Powered by Labrador CMS