ANNONSE:
Årnesdagen 2026
«Årnesdagen» har vorte ei populær samling, med stort oppmøte kvart år. Det er Turstigruppa i Gamle Stangvik som står for opplegget, og i år er arrangementet sett til laurdag den 12. september, med oppmøte i grendahuset på Årnes kl. 11.00. Det er god plass for parkering ved Jørristufjøset, da er det berre eit lite stykke å gå ned til grendahuset, men det er og plass til parkering for nokre bilar ved huset.
I år er det Lars Gudmund Røen og Øyvinnd Holte som står for dei kulturelle innslaga. Elles blir det som vanleg servret gratis kaffe med mykje godt attåt, tid for å prate sammen, og loddsalg. Alle er velkomne – vel møtt!