Bøfjordhelga:

En mann i rød jakke serverer mat til en kvinne på en grusplass foran en hytte.
Inger Helene Olsen frå Nortura spanderte pølse og brød – her på Lars Arve Gravvold og Sverre Egil Settemsdal (t.h.).

Nyfjøs og entusiasme i Bøfjord

Optimisme er fellesnemnar for Bøfjordhelga 2026. Starten fredag bar preg av det.

Publisert

At unge bønder har framtidsvisjonar, signaliserer tru og innsatsvilje i den lille bygda. I fjor kunne gardane Staknes og Dragset ta i bruk nye driftsbygningar. 

Tredje nyfjøs i bygda

Fredag vart det moderne nyfjøset i Søgarden opna - med mange frammøtte i ei inkluderande sosial ramme. Det vanka pølser og brød, kaffe og gratulasjonskake på alle.

To eldre menn står foran en rød bygning med andre personer i bakgrunnen.
Veteranar: Ivar Megård (t.v.) gratulerer senior Ola Bøe med nyfjøset.
Mann med verneutstyr står i et meieri med Tine-ansatt i bakgrunnen.
Eigar Per Matias Bøe kan fryde seg over moderne fjøsbygg i Søgarden.

Omvisninga i fjøset var ein imponerande demonstrasjon av høgt teknisk nivå i dagens husdyrhald.  Senior Ola Bø (79), kunne bekrefte ei enorm utvikling i hans tid på garden.

Oppslutning og interesse blant unge og vaksne frå nærmiljø og nabobygder viser også at bygdene ønskjer å vera liv laga - i rette forstand.

Flere personer står i en gruppe på gårdsplassen foran en rødmalt bygning.
Små og store ville besøke nyfjøset. Her er dei først frammøtte.
To menn ved en rød bygning holder hvite poser eller kluter utenfor en inngang.
Ivar Arne Bøe må byte til nytt fotty før fjøsbesøket – med assistanse av Gunnar Kåre Røe (t.h.).
Ku i en melkerobot inne i et moderne fjøs med automatisert utstyr.
Behageleg og effektiv teknologi for kyrne i fjøset.

Fotball og entusiasme

Leikarvollen fotballbane var arena for del 2 av fredagens program. Lag frå Halsa og Bøfjorden møttest i ein frisk vennskapskamp. Med aldersspenn mellom 18 og 60 år viser vennskapskampar som dette behovet for og verdien av fellesskap også innan idrett.

Eit stort og begeistr publikum understreka entusiasmen som pregar små bygder - sjøl om dei til dagleg ikkje kan rekruttere lag i seriefotballen. Topp underhaldning.

Nivåforskjellen var mindre enn resultatet 10-1 til Bøfjord kunne tyde på. Men heimelaget hadde eit par spelarar på nivå over snittet, og det gjorde nok utslaget. Særleg vart Birk Blekken med sine 6 mål og hans innlånte KBK-kamerat Eliah Solskjær lagt merke til.

Quiz med fin stemning

Etter kampen - og leiken - med lærkula vart første dag av Bøfjordhelga avrunda med quiz-konkurranse på Restaurant Stønt (Elvanesset). Linda Therese Bøe var regissør, og dei mange deltakarane hadde ei fin og spennande stund i lag.

Gjester sitter ved bord i en kafé med drikke og mat på bordet, mens flere personer er samlet i bakgrunnen.
Quiz-stemning på Elvanesset.
Powered by Labrador CMS