Ei dame som viser en presentasjon og snakker til ei forsamling.
Karin Norli presenterte SpareBank 1 sitt nyaste konjunkturbarometer.

SpareBank 1 SMN og næringsforeninga inviterte til julelunsj

Hammerstuene var vertskap da SpareBank 1 SMN og Surnadal næringsforening inviterte til julelunsj på Hammerstuene på Surnadalsøra fredag. I tillegg til julelunsjen var det fleire interessante presentasjoner av lokale bedrifter.

Publisert

Hammerstuene og Martha Torvik serverte skikkeleg god julemat med ribbe og pinnekjøtt med tilbehør, og maten smaka heilt fortreffeleg, var tilbakemeldinga frå dei rundt femti som møtte opp.

Maria Ørsund frå SparBank 1 SMN ønskte velkommen til julelunsjen, før ho ga ordet vidare til Kari Stensby og Lars Rune Sæther frå Regnskapshuset SMN.

Ei dame og en mann som viser en presentasjon og snakker til ei forsamling.
Kari Stensby og Lars Rune Sæther presenterte Regnskapshuset SMN i Surnadal.

Jubileum for Surnadalskontoret til Regnskapshuset SMN 

For rundt to år sidan vart Kombi rekneskap overteke av Regnskapshuset SMN og integrert og samlokalisert med SpareBank 1 SMN på Skei. Men opphavet, Fokus regnskap vart stifta i 1985, så rekneskapskontoret feirar i år 40-årsjubileum.

Etter starten i 1985, vart Fokus rekneskap i slutten av 80-talet til Kombi rekneskap. Sæther, som starta i Fokus regnskap i 1987, hugsar godt da han første dagen måtte ut å kjøpe ny datamaskin, ein IBM med 20 MB lagringskapasitet, med ein prislapp på hundre tusen kroner. Han hugsar også at han måtte pakke datamaskina godt inn og køyre til Stjørdal når den måtte oppdaterast med programoppdateringar i samband med endringar i skattesatsar og andre oppdateringar, så ein kan vel trygt seie at mykje har forandra seg på denne fronten, både med tanke på pris og ikkje minst oppdateringar av datautstyret.

Regnskapshuset SMN i Surnadal har 9 tilsette, medan Regnskapshuset SMN på landsbasis har 600 tilsette fordelt på 40 avdelingskontor.

Et skjermbilde som viser en liste over bedrifter.
Dei 15 største selskapa i Surnadal etter omsetning.

Nytt konjunkturbarometer frå SMN 

Regionbanksjef næringsliv Karin Norli presenterte SpareBank 1 SMN sitt nyaste konjunkturbarometer.

Næringslivet i Midt-Norge er så langt ikkje direkte påverka av toll- og handelskrigen som USA har sett i gang, men som for alle andre skaper den usikkerheit for framtida.

SpareBank 1 SMN gjev i si analyse grønt flagg til bransjane innafor offshore og havbruk, medan næringseigedom, landbruk, fiskeri og varehandel får gult flagg.

Bygg og anlegg er framleis i ei litt vanskeleg tid med låg aktivitet, og får rødt flagg.

Av selskapa som dannar grunnlaget i SMN sitt konjunkturbarometer har den samla omsetninga gått med rundt 1 %. 25 % av selskapa har negativt driftsresultat og 10 % av selskapa har negativ eigenkapital.

Norli var også litt inne på lokalt næringsliv i Surnadal kommune, og kunne konstatere at fleire av dei lokale bedriftene i kommunen gjer det bra.

En mann som viser en presentasjon og snakker til ei forsamling.
Georg Solem er drivar av Solem gård.

Solem gård er ein allsidig gard 

Frå Georg Solem var liten, har han vore oppteken av tradisjonar, noko som blir tydeleggjort gjennom måten han har drive Solem gård og Solem sag på fram til i dag.

Solem gård driv jord- og skogbruk, og dyrkar i dag korn på 400 dekar jord. Det er gode forhold for å drive med landbruk her, sjølv om det av og til er litt for tørt og av og til litt for vått, sa Solem.

På Solem gard driv dei også dagtilbod på kontrakt med Rindal kommune for personar med ulike utfordringar og behov.

Solem gård starta allereie i 1935 med lakseturisme, ei verksemd som totalt har rundt 100 besøkande kvar fiskesesong.

I 1987 vart Solem sag etablert. 

– Vi har opplevd både oppturar og nedturar, og spesielt da i forbindelse med finanskrisen i 2008. Da vart omsetninga halvert, og det har vore mykje arbeid for å få den opp att, sa Solem.

Frå starten av var drifta basert på laftetømmer og handlaft. Framleis driv dei med laftetømmer, men har utvida med produkt til offshore og ikkje minst trebygg til landbruket.

- Det er stokken som bestemmer kva sluttproduktet skal bli, så her er det heilt avgjerande med gode kunnskapar om tre, sa Solem.

En mann som viser en presentasjon og snakker til ei forsamling.
Atle Norli orienterte om Sutra.

Surnadal Transport vart Sutra og veks 

Atle Norli frå Sutra kunne fortelje at namneskiftet Surnadal Transport til Sutra med tilhøyrande ny profil på vognparken, stort sett har vore positiv motteken. Det var viktig å bruke lokale leverandørar under prosessen med profilendringa, så den nye profilen er utvikla i samarbeid med Amfi kreativ, medan det er EB Shop har montert den nye logoen på alle bilane.

Norli kunne også fortelje at Sutra gjennom strategiske oppkjøp dei siste åra har styrka selskapet sin posisjon i marknaden, samtidig som dei får ei betre utnytting og mindre tomkøyring. Han nemnte her spesielt oppkjøpet av Sandvik Transport, som har gjeve tilgang til mykje køyring for Europris frå Moss og nedover Sørlandet, til Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Sutra har rundt 130 bilar i dagleg drift.

Elles er det eit vidt spekter av varene som blir frakta på Sutra sine bilar kvar einaste dag. 

– Transportnæringen er «blodomløpet» i Norge, og er heilt avgjerande for å halde samfunnet i gang. Dette viser korleis alt heng saman og kor avgjerande det er at ting blir gjort i rett rekkefølge og til rett tid, sa Norli.

Norli understreka også kor viktig det er med lokalt leiarskap, og at det er små marginar i transportbransjen.

Norli kom også inn på at det er problem med å få rekruttert nok sjåførar, og at dei konkurrerer med mange andre om dei same folka.

En mann som viser en presentasjon og snakker til ei forsamling.
Lars Ove Løseth orienterte om Alti.

Surnadal er kjøpesenterhovudstaden 

Kjøpesenterhovudstaden i Norge er nok utan tvil Surnadal, med både Amfi og Alti lokalisert i Surnadal. Totalt blir rundt 130 kjøpesenter administrert og forvalta frå Surnadal.

Lars Ove Løseth orienterte litt om utviklinga i Alti. Sidan Alti driv mest innafor detaljhandel, så er dei lite påverka av konjunkturane. Tal viser at sidan 2017 har besøka på kjøpesentra auka med 6 prosent.

Under Black week hadde Alti ei omsetning på 66 millionar kroner, der fredagen utgjorde 15 millionar av desse. Black Friday utgjer mindre og mindre av den totale omsetninga under Black week.

Løseth orienterte også litt om framdrifta i ombygginga av hotellet. Han understreka at hotellet er ope for både for overnatting og matservering under heile ombyggingsperioden, og at dei håper at alle ombyggingane er ferdige til påske.

Konrad Sel frå Frich’s kunne fortelje at dei frå 1. januar overtek drifta av hotellet, og at dei akkurat no er inne i ein periode med rekruttering av tilsette i forskjellige posisjonar.

Optimistisk kommunedirektøren trass store utfordringar 

Kommunedirektør Lars Inge Kvande orienterte litt om dei økonomiske utfordringane Surnadal kommune står ovanfor dei komande åra, og da spesielt knytt til bygging av helsehus, men at dette er viktig for å oppnå ei rasjonell drift.

Men sjølv om kommunen opplever utfordringar i økonomien, så er han glad for at næringslivet i kommunen stort sett går bra, og at vi har mange gode tilbod som i sum gjev bulyst.

Takka for ein fin julelunsj 

Bergsvein Brøske, som er leiar i Surnadal næringsforening, takka for oppmøtet med å understreke at det skjer mykje positivt i Surnadal. Vi har eit næringsliv som stort sett går godt og vi har eit nypynta og fint sentrum, konstaterte han.

Han takka SpareBank 1 SMN for at dei også i år spanderte julelunsj, og ikkje minst Hammerstuene og Martha Torvik for fantastisk god mat! 

Powered by Labrador CMS