Eli & Oles Adventskalender

Svar Luke 18

Denne hytta vart sett opp i Vinddøldalen. Lenger framme ser vi Vassdalen og Fagerlidalen.

Publisert Sist oppdatert

Vinnarar av premiar i Luke 18:

Gave: Gavekort på 300 kroner, uttak av adventskrans/gravkrans hos Surnadal Blomster
Givar: Surnadal & Rindal Begravelsesbyrå
Vinnar: Gunnar Mo

Gave: Gavekort på 300 kroner, uttak av adventskrans/gravkrans hos Bunnpris Rindal
Givar: Surnadal & Rindal Begravelsesbyrå
Vinnar:
Wigdis Anita Grytbakk

Gave: Billett til kirkekonsert 28/5
Givar: Vårsøghelga

Vinnar: Oddvin Meland

Kommentarar:

Dette er Dal'n som det er sagt frå gammelt av. Eller Vindøldalen som det òg heiter. Frå venstre ser vi Skrøåfjellet, bak der Snota, så Vassdalen og Vassdalskamman. Der inne kan ein gå fine turar både til fots, på ski eller med sykkel. Ein favoritt til fots er å gå inn Breiskaret og ned Skrøådalen. På ski rundt Seterfjellet. - Tove Mogstad

Dette er Vindøldalen. Går vi rett fram kommer vi til Vassdalen med Vassdalsvatnet. Vi gikk oppå Snota fra Vassdalen. Det var bratt i begynnelsen, men fint videre oppover. På retur kom vi ned innerst i Vassdalen. Der var det mye bedre å gå. Til venstre her i Vindøldalen går turistline om Kløftsetra til Trollheimshytta. - Helene M. Nergård

Denne gongen var det 62 rette svar.

Vinddøldalen og Vinddøla

Vindøla flyt roleg gjennom dalen.

Vinddøldalen er kanskje den finaste dalen i distriktet vårt. Med Vinddøla som flyt roleg gjennom dalen, men som også byr på flotte fossefall.

Brua over Pebustoen.
Pebustoen.
Trondsgardsstoen. Navnet kjem frå ein gammel gard som låg oppi lia på vestsida.

.

Godt vedlikehald på vegen innover Vinddøldalen både sommar og vinter. På skuffa sitt Bård Andreassen og Mats Ranes.

Hyttebygging i Vinddøldalen

Det er mange hytter i Vinddøldalen. Her får du bilder frå bygging av enda ei hytte. Denne ligg fint til på vestsida av Vinddøla lengst inn i dalen. Hytta har flott usikt mot Vassdalsbekken inst i dalen og mot Bollen ytterst i dalen.

Juni 2021 vart det utført helikopterløft på element frå Ålhytta.

Det andre helikopterløftet. Det ser ikkje ut som ei hytte enda.
Elementet med verandadøra kjem på plass.
Helikopteret hentar fleire element som var lagra på parkeringsplassen ved Inner Vinddølbrua. Her kan du også sjå mange av hyttene på østsida av dalen.

.

Vinle å få elementet løfta på plass. Elementet blir festa til stolper som vart montert dagen før.
Utsikt nedover Vinddøldalen.

.

Arbeidslaget styrer veggen på plass.

.

Etter ein og einhalv time er veggane inklusive vindu på plass.
Hytteeigaren sender arbeidslaget til lunsj. F.v. Ingvar Mjanger Rafteset, Erik, Olav og Synnøve Meisingset, hytteeigaren, Njål Fiske og Arne Kjønsø.

.

Helikopteret har pakka saman og flyg heim frå basen ved Inner Vindølbrua.
September 2021 er hytta ferdigbeisa og snart klar for innflytting. Vassdalsbekken vises tydeleg i terrenget.

Motorsagkunst

Mai 2016 var det utstilt motorsagkunst bommen ved Pebua og ein kilometer innover vegen langs Vinddøla. Motorsagkunstnaren var Ove Magne Aasen fra Surnadal.

Siv Bakken, Lene Bakken og Kari Mette Skjølsvold slår av ein prat med motorsagkunstnaren Ove Magne Aasen.
Ei samling av kunsten som sto langs Vindøla.

Vassdalen og Snota

Det er veg til Vassdalen, truleg etter utbygginga av Trollheimen kraftverk, vatnet herifrå går i tunnel til Gråsjøen i Folddalen. Vegen er stengt med bom, men dette er mulig å gå til Snota herifrå, men det er ikkje merka sti. På tur til Snota passerar du Vassdalen og Vassdalsvatnet som er populære turmål.

Vassdalsvatnet ned til venstre. Fagerlidalen og Stygglifjellet lenger bort.
Det er bratt frå Vinddøldalen opp mot Vassdalsvatnet og vidare opp mot Snota. Siv Bakken tek ein velfortjent slurk med utsikt nedover Vinddøldalen.
Hunden Hampus på Liltj-Snota med utsikt til varden på Snota.

Dette er utsikta til Litj-Snota og Snota, i skodda, når du kjem frå Vinddøldalen.

Medan somme har nok med å stå på føtene på tur heim fra toppen av Snota, står Hedvik Bakken gjerne på haud.

Hedvik Bakken og Hampus tok eit bad i Vassdalsbekken på tur heim fra Snota.

.

Powered by Labrador CMS