Diskgolfturnering i Surnadal i helga

Jan Terje Moen

Ny diskgolfpark i Øvre Surnadal

Jan Terje Moen er primus motor bak den nye parken. Han har sat opp tolv kurver, og laga ein park som er open for alle.

Publisert Sist oppdatert

Dersom ein tel med denne helga, har det vore fire diskgolfturneringar på Nordmøretouren i vår. Først i Torvikbukt, så i Kristiansund, deretter i Skjevik, og i helga er det turnering i Surnadal.

- Dei tre beste turneringane for kvar enkelt spelar tel i samandraget. Så i morgon etter konkurransane er ferdig, blir det kåra ein vinnar av touren, fortel Jan Terje.

Da vi møter diskogolfspelarane fredag kveld, har dei øverunde og hyggekveld i ein heilt ny park, Sagdammen diskgolfpark, som ligg i Moen i Øvre Surnadal.

Jan Terje og Håvard Håskjold informerer

Laurdag skal det vera konkurranse både her og på Øye diskgolfpark. Jan Terje informerer spelarane om den nye parken, og seier at alle som vil prøve seg på diskgolf er velkomne. Parken vil vera open døgnet og året rundt. Til dette får han stor applaus frå spelarane.

- Dette er eit samarbeid i nabolaget, fortel Jan Terje.

I tillegg til Jan Terje, er det Leif Arne Børset, Antonie Moen og Kari Skei som er grunneigarar i parken. Han er veldig glad at dei var positive til planane hans.

- Alle kan spele

Vi møter Ståle Hakstad, utflytta surnadaling og diskgolfentusiast. Han har konkurrert mykje, både i Noreg og i utlandet.

Ståle Hakstad

- Diskgolf er verdast beste sport, seier han. Alle kan spele! Besteforeldre kan spele med barnebarna, eller heile familien kan spele saman. Mottoet til diskgolf er «Most fun wins!» eller «Den som har det gauast vinn!».

Ståles hund Nevin er oppattkalla etter ein kjent diskgolfpark i USA, og har vorte ein maskot i diskgolfmiljøet

Ståle fortel at sporten er både fysisk, mentalt og emosjonelt utfordrande.

- Dersom ein bommar må ein beherske kjenslene sine, seier han. Ein må legge siste kast bak seg, og sjå framover, seier han og smiler.

Koronavenleg sport

Diskgolf er ein sport i vekst. Under koronapandemien har mange idrettsanlegg vore stengt, men dei fleste diskgolfparkane har vore opne.

Sagdammen diskgolfpark har variert terreng

- Sportsbutikkane har vore utseld for utstyr, etterspørselen har vore stor, fortel Jan Terje.

Disken til Håvard hamna i sjølvaste Sagdammen, men det finst råd

- Det byrjar å bli eit aktivt miljø i Surnadal, men det er plass til fleire, seier han.

Laurdag er det mogleg å komme å vera publikum.

-Men hugs at det er viktig å halde seg på trygg avstand. Finn dykk ein stad utenfor banen, seier Jan Terje.

Det blir spela samtidig på Øye og på Sagdammen, frå klokka 09:00-16:00.

Powered by Labrador CMS