Deltakere ved en SpareBank 1-bue og telt i en grønn park.
Gutane startar på den 7,5 meter lange løypa over Storhuagen.

Første utgåva av Storhaugen Youth Trail i gråvêr

Søndag inviterte Trollheimen Fjellsportklubb til den første utgåva av Storhaugen Youth Trail, eit løp på rundt 7,5 kilometer for aldersgruppa 13 – 17 år.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om vêrgudane hadde bestemt seg for å prøve å øydelegge for arrangørane, så var det bra deltaking og bra med publikum som ville vere med på den første utgåva av løpet.  

Vêret under sjølve løpet var ganske bra, med bortimot opphald under heile løpet, men med alt regnet som har vore gjennom sommaren og starten på hausten, så var sjølvsagt løypa våt og sleip.  

Fire barn står på en gressplen mellom store BioMarine-bannere.
Premieutdeling for dei yngste jentene – Det var 4 jenter som deltok i den kortaste løypa.

Kort løype for dei aller yngste 

Dei yngste løparane, det vil seie 11 og 12 åringane hadde ei løype på rundt 1,5 kilometer.  

Start og målgang var ved Bruset, og løypa gjekk innover, via Fosstrøinn til Philipbrua, over den og ut att Ramsøydalane og attende til Bruset for målgang.  

Barn og voksne står på en gressbane mellom oppblåsbare BioMarine-målporter.
Premieutdeling for dei yngste gutane – Det var 5 gutar som deltok i den kortaste løypa.

4 jenter og 5 gutar deltok i den kortaste utgåva av løpet.  

Lang løype for dei eldste 

Dei eldste, altså dei som var 13 – 17 år, hadde ei løype på rundt 7,5 kilometer. Her var det også start og målgang ved Bruset. Løypa gjekk via Fosstrøinn til Bjørli, derifrå opp til Storhaugen og ned att til målgang ved Bruset. 

Barn står samlet på en gresslette med flagg på bakken, kjegler og fjell i bakgrunnen.
5 starta i klassen for dei eldste – 5 deltakarar var med i den eldste klassen.

Anders Dalsegg Bruset var raskast på dei 7,5 kilometrane og kom i mål på tida 46:48, før Arne Moen Rodal på tida 46:59 og Aron Aasgård på 51:21.  

Resultatliste Storhaugen Youth Trail 2026 

Nøgd arrangør 

- Sjølv om ti kunne ha tenkt oss betre vêr, så er vi godt nøgd med den første utgåva av Storhaugen Youth Trail, sa leiar i Trollheimen Fjellsportklubb, Mette S. Ormset etter løpet.  

- Vêret får vi ikkje gjort noko med, men har inntrykk av at både løparane og publikum tross alt er fornøyd, og det er det viktigaste, la ho til.  

Barn og voksne i regntøy samles under telt på en gresslette.
Bra med publikum – Sjølv om vêret ikkje var det aller beste, så var det bra med publikum.

Trollheimen Fjellsportklubb ha også planer om å arrangere Storhaugen Youth Trail neste år, så da får vi håpe vêret, i alle fall litt betre, slik at fleire blir med! 

Powered by Labrador CMS