Kyrkjerommet er arena også for leik og spel. Her frå ein tidlegare kyrkjekveld.

Barnas Kyrkjekveld

- Barna eig kyrkja si! Difor hører bruk og læring saman, seier Åsskard sokneråd og inviterer dei mellom 4 og 6 år til ein leikprega kveld måndag.

Publisert Sist oppdatert

Her får ungane gjera mykje: Leike dokkedåp, få lyd i klokker og orgel, øve høgtideleg prosesjon og tenne lys. Frå «Mi Kyrkjebok» blir det song og historier.

Til slutt får alle mat i Kyrkjestua.

Søndag den 4. oktober er det jubileumsgudsteneste når kyrkja fyller 150 år. Da får 4- og 6-åringane «Mi Kyrkjebok» i gåve.

Voksen kvinne og flere barn samlet rundt et bord i et lyst rom.
Her blir dokka døypt – med kva namn, tru?
Flere barn står tett sammen og rekker hendene opp i et trangt innendørs rom.
Artig å få lyd i kyrkjeklokkene!
Hånd som holder et hvitt lys foran mange tente lys på en trekonstruksjon.
Høgtidsstund: Å tenne lys i globen.
Powered by Labrador CMS