Surnadal MDG
![Landbruk og samfunn i framtid, kvar er vi på veg?](https://image.trollheimsporten.no/141914.webp?imageId=141914&x=0.00&y=0.66&cropw=100.00&croph=32.68&width=968&height=318&format=jpg)
Landbruk og samfunn i framtid, kvar er vi på veg?
![Landbruk og samfunn i framtid, kvar er vi på veg?](https://image.trollheimsporten.no/141916.webp?imageId=141916&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=960&format=jpg)
MDG ønskjer alle i distriktet velkomne til ein viktig og interessant debatt om landbruk i framtida. Kvar er vi på veg? #bondeopprøret21 har vist oss at det trengs endring, MDG er villige til å betale meir for det arbeidet bonden gjer, og ville i sitt alternative landbruksoppgjør gje nesten 3 gonger meir enn regjeringa. Høg sjølvforsyning med god og trygg matproduksjon der vi greier å ta vare på bonden, dyra, naturen og jorda er viktig i framtidas landbruk. Korleis kjem vi oss dit? Har det blitt slik at ein som bonde er avhengig av at naboen legg ned for å overleve sjølv? Bli med og diskuter, og få med deg bokbad med kronikkforfattar i Nationen og forfattar Kari Gåsvatn, av Svein Sæter. Det vil også bli innlegg av fylkesleiarane i Norges Bondelag Konrad Kongshaug og Norges bonde- og småbrukarlag Stein Brubæk.
Vel møtt 8. august kl 1700!
Om du ønskjer å vite meir om MDG sitt alternative jordbruksoppgjør kan du finne det her.