Lars Inge Kvande blir ny kommunedirektør i Surnadal

Surnadal kommune melder at kommunestyret i møte torsdag kveld samrøystes har tilsett Lars Inge Kvande som ny kommunedirektør.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er ein viktig dag for innbyggjarane i kommunen, næringslivet, tilsette og folkevalde, seier ordfører Hugo Pedersen og Helge Røv, som no er leiar i rekrutteringsgruppa som formannskapet har nedsett i samband med rekrutteringsprosessen. 

Hugo Pedersen og Helge Røv seier vidare at dei er glade for at det no er tilsett ny kommunedirektør.

Kommunedirektøren er øverste administrative leier i kommunen, og har ansvar for alle tilsette og kommunen sine tenester. Rekrutteringsbyrået Avantas frå Trondheim har bistått kommunen i rekrutteringsprosessen, melder Surnadal kommune i si pressemelding.

Lars Inge Kvande er no dagleg leiar i Trollheim AS,  Trollheim Arbeid & Inkludering AS og Trollheim i Jobb AS. Det er enno ikkje avklart når han startar i den nye jobben.

 

Powered by Labrador CMS