ANNONSE:

Influensavaksinering i Surnadal 2020

Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.-29. oktober.

Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar.

Oversikt over vaksineringsdagane i idrettshallen på Øye:

  • Tysdag 27.10.20 kl. 10.00-16.00 Øvre Surnadal, Todalen, Bøfjorden, Bæverfjord, Stangvik
  • Onsdag 28.10.20 kl. 10.00-16.00 Nedre Surnadal
  • Torsdag 29.10.20 kl. 10.00-13.00 Resterande.

Vi ber om at publikum helst møter på oppsett dag for si grend/krins, men kan møte ein av dei andre dagane om det passar betre.

Vi vaksinerar kun personar i risikogruppene og alle frå fylte 65 år desse dagane. Andre må vente til etter 1. desember.

Viser elles til Surnadal kommune si heimeside, www.surnadal.kommune.no

Prisar:

Influensavaksine kr. 170,-.
Pneumokokkvaksine kr. 500,- (inkl. influensavaksine).

Betaling kun med kort og vipps!

Grunna smittevernomsyn har vi ikkje mulegheit for kontant betaling.

For at vaksineringa skal gjennomførast lettast muleg, er det ønskeleg med t-skjorte eller anna tilpassa bekledning på overkroppen.

Smitteverntiltak under vaksineringa: Influensavaksineringa vil bli gjennomført med gode smitteverntiltak med inndeling og avstand mellom folk. Vi anbefalar at alle møter opp med munnbind på.

Ingen som er sjuke skal møte opp. Dersom du er usikker på vaksinering grunna medisinske forhold, kan du ta kontakt med fastlegen din.

Vi har kort ventetid, så ikkje møt før vi opnar.

Parkering utanfor idrettshallen eller nedanfor Øye kyrkje.

Helsestasjonen

Powered by Labrador CMS