Surnadal kommune melder:

Surnadal kommune sin logo/komunevåpen

Høyring – fastsetjing av grense mellom elv og sjø for Toåa

Surnadal kommune legg forslag til fastsetjing av grensa mellom elv og sjø for Toåa ut på offentleg høyring. 

Bakgrunnen for saka er behovet for å avklare kva fiskereglar som gjeld i området. Det er komme inn to ulike forslag til grensedraging frå grunneigarar, og kommunen ønskjer innspel før det blir fatta vedtak. Det er også mogleg å kome med høyringsinnspel til andre løysingar enn dei som er skildra i høyringsdokumentet. 

Meir informasjon finn du på nettsidene til kommunen.

Frist for å sende inn uttale er 20.08.2026. Innspel sendast til post@surnadal.kommune.no eller Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. 

 

Powered by Labrador CMS