18-åringane Noa Sæterbø Raaen (t.v.) og Viljar Fiske Kvande er førstegongs-veljarar, og tykkjer det er viktig å bruke stemmeretten.

Fornøgde førstegongs-veljarar: – Det handlar om å bidra

Vallokala i Surnadal er opne til klokka 20.00.

Publisert

Måndag er det Stortings- og sametingsval, og klokka 10.00 opna vallokalet i Surnadal Idrettshall.

Allereie frå starten av var det bra med folk som gjekk til valurnene, i smittevern-venlege omgivnader i idrettshallen - der det var rigga til fem avlukker.

Blant dei som var på plass tidleg, var førstegongs-veljarane Viljar Fiske Kvande og Noa Sæterbø Raaen.

Dei to var godt fornøgde med å få brukt den ferske stemmeretten sin.

– Eg har måtta sette meg litt inn i kva dei ulike partia meiner. Eg har ikkje vore så interessert tidlegare, men ein er nøydd til å sette seg inn i det når ein skal stemme, seier Kvande.

Han fortel at det gjekk veldig radig å få levert stemma si.

– Ja, det gjekk veldig fort, eg trudde det kom til å bli meir venting.

Viljar Fiske Kvande leverer si første stemme.

Noa Sæterbø Raaen seier at moglegheita til å kunne påverke gjer at han tykkjer det er viktig å stemme.

– For meg handlar det om å bidra, og om å påverke til at vi får den rette utviklinga for landet, seier han.

Også Dordi Skuggevik var blant dei første som tok turen til Surnadal Idrettshallen for å stemme måndag.

– Eg stemmer på sunnmøringane. Dei gløymer oss ikkje når dei kjem til Oslo, slår ho fast.

Vallokala i Surnadal er opne til klokka 20.00.

Dordi Skuggevik var på plass då stemmelokala opna måndag.
Guro Elise Husby Mogstad (f.v.), Britt Dalsegg og resten av røystestyret tek imot stemmer i Surnadal Idrettshall til klokka 20.00 måndag.
Powered by Labrador CMS