ANNONSE:
Lærer seg å arrangere
Kulturhuset og ungdomsrådet gir deg tilgang til verktøykassa i eige kurs.
Kulturlivet i Surnadal er høgst synleg gjennom russerevyar, konsertar og plenty andre arrangement. Dette kurset vil vere for dei som MÅ vere der, men som ikkje er synlege frå scena.
På kurset blir det innføring i marknadsføring, planlegging av arrangement og kva ein scenearbeidar må kunne – kort sagt alt ein berre må ha kontroll med.
Så er de påtroppande russerevyfolk, med i eit teaterlag eller ser for deg at du blir involvert i andre spennande ting framover: Dette er for deg!
Kurset startar fredag 31. mai kl. 15 og med opplæring i marknadsføring, før det blir servert pizza litt seinare. Andre del på fredagen går på planlegging av arrangement, som inngåing av avtalar m.m.
Laurdagen (kl. 12–16) tek for seg det ein scenearbeidar bør kunne, som lys/lyd, mikrofonar, rigging osv.
Dei som skal lære bort alt dette er Lise Hoset (Stratego), Anders Larsen (Vårsøghelga), Ane Wennevold (SUNS) og Rune Dalager (litt tå kvart), med Lars Sæther som kursvert.
Kurset er gratis og påmeldingsfrist er 24. mai. Påmelding på e-post til lilli.husby@surnadal.kommune.no. Kurset er ope for alle. Men om det blir ekstra stor pågang, vil ungdom under 20 år bli prioritert.