ANNONSE: SURNADAL KINO

Felix på ville veier

Kino igjen!

Katt på jakt etter paradis og norsk zombiehumor – kva meir kan ein ønske seg?

Surnadal kino vil vise film tre gongar i veka frå fredag 16. april av. I første omgang vil ein møte katta Felix i ein fargerik animasjonsfilm. Han leitar, saman med faren Bastian, etter eit katteparadis i «Felix på ville veier». «Fin film», melder NRK Filmpolitiet, men meiner den er vel dramatisk for dei aller yngste. Filmen har difor også fått seks-års-grense.

Felix

«Prosjekt Z» (15 år) er noko «skrekkelig artig norsk zombiegufs», skriv Adresseavisen. Likar du lettbeint skrekkfilm, kan dette vere noko for deg. Om du ikkje gjer det, kan vi drive med litt meirsal og heller anbefale at du tek deg ein tur på biblioteket og låner deg ei god bok til helga!

Prosjekt Z
Prosjekt Z
Powered by Labrador CMS