EM-deltakarane frå Sunadal er fornøgd med meisterskapet. Una Langeland Gravvold, Aurora Berle, Kristian Gjersvold og Heidi Fiske.

Ny bronsemedalje til Surnadal Taekwon-Do klubb på siste dagen i EM

EM i Taekwon-Do i Kroatia starta torsdag, og den første dagen gjekk det svært bra for deltakarane frå Surnadal.

Aurora og Heidi på pallen
Aurora og Heidi får medaljene sine

EM vart avslutta på søndag, og Aurora Berle vann bronsemedalje i lagsparring sammen med juniorjentene.

Kristian Gjersvold var med på seniorlaget. Han vann kampen sin soleklart, men det vart ingen medalje på laget.

Oddrun Fiske, som er med Surnadalslaget til Kroatia, skriv:

– Vi i den en norske heiagjengen har hatt våre timar i hallen og heia på ungdommane våre, og håpar at vi treffast igjen ein annan gong. I kveld er vi så heldige at vi har vorte invitert med på festmiddag saman med landslaget.

Lagmønster
Powered by Labrador CMS