Pressemelding:

Søker fleire skogplantarar no!

Rundt 1 million skogplanter skal plantast ut i Møre og Romsdal i 2021. Innreiseforbod for utanlandske arbeidarar gir utfordringar. Kjem ikkje plantene i jorda vil dei bli kasta!

Publisert Sist oppdatert

I fjor var det og usikkerheit rundt tilgang til utanlandsk arbeidskraft, men det blei opna for innreise etter kvart. Til vårplantinga i år ser det ikkje ut til at det blir mogleg å få tak i aktørar frå utlandet grunna koronapandemien og innreisforbod. Dette er profesjonelle plantarar som er innleigd i plantesongen av skogeigarlag (Allskog og Nortømmer). Desse står for hovuddelen av plantinga i vårt fylke. Rundt 20 prosent av plantene vert sett ut av skogeigarane sjølve.

Rekrutterer arbeidarar

No arbeider Allskog med rekruttering av norske arbeidarar. Planting er fysisk hardt arbeid, men samtidig er det mogleg å tene rimeleg godt. Skogeigarlaga håpar at sprek norsk ungdom, og andre som ynskjer bidra, om å melde seg. Vårplantinga i skogen skjer i perioden april til og med juni. Skogbrukssjefane i kommunane vil og kunne formidle arbeid og informasjon. Statsforvaltaren oppmodar også fleire skogeigarar til å vurdere å plante sjølv.

Eigne kursopplegg

Skogplanting krev kompetanse. Det er laga eigne kursopplegg for uerfarne, både nettkurs og praktiske kurs. Opplæring, organisering og rekruttering fører til ekstra kostnader. Det vert arbeidd med ekstra støtteordningar for å få gjennomført skogplantinga i vår.

Bli med og bygg opp ein berekraftig, fornybar og klimavennleg ressurs!

Sjå stillingsannonsa her - søknadsfristen er forlega til 23. april

Powered by Labrador CMS