Sparktur

Kvar haust er det eit landevegsløp i Rindal, Lina Roindt. Det går frå Torshall i Bolme, opp Bjergvegen til sentrum, vidare etter Mjohølvegen til Fv65 og nedover Lina til start. På ein god vinterdag er dette ein fin sparktur.

Publisert Sist oppdatert

I fjor sparka eg rundt Lina (ca 11 km) 1. februar, med godt sparkføre og fin sparktemperatur. Det låg svært godt an til ein liknande tur i dag også. Dessverre kom eg for seint igang. Strøbilen kom. Eg fullførte runden, for heilt ute i vegkanten glei det bra, men det vart for liten fart i unnabakkane. Det skurka og ville slite meg ut av kurs.

Rappen klar til start. Berre å henge på. Attover Mjohølbakken gjekk det fort nok! Det var ikkje strødd enda.

Lett valg i Mjohølkrysset - ingen bytur i dag!

Det viste seg at Fv65 var så salta at den var mesta ubrukbar for spark. Snudde eg, - nei! Det viste seg at saltinga var for at trafikken ikkje skulle stoppe opp medan det var dirigering av trafikken medan det vart gjort grunnboring av geologar av rasområdet ved Bjørnåsvegen. Saltinga slutta ved YX-stasjonen. Vidare var det glimrande føre både etter Fv65 og etter gangvegen heilt til Bolmkrysset.

Observerte Fossekallen nedafor gamle Bolmbrua.

Bjergvegen var strødd på eine sida, heilt til strøbilen kom og strødde andre sida. Det var nok nødvendig for bilistane, men eg jubla ikkje. Oftast kjører nok eg bil også.

Gangvegen hadde godt sparkføre, men det er lett å halde seg til fartsgrensa opp Bjergen.

Rindals østkant, også kalla Seljebrekka.

God gli mot sentrum med Løfaldfjella og Skåkleiva i bakgrunnen!

På andre sida av grasbanen ser vi Helsetunet med mange bustadhus rundt.

Martinus Viks veg, oppattkalla etter misjonæren frå Rindal. Er det fleire som har fått veg.oppattkalla etter seg i Rindal?

Tok vegen over Igltjønnhaugen med Skimuseet og vidare bortover Langkloppan.

Skulle gjerne vore innom posthuset og fått levert eit brev for å få det stempla i morgon (02.02.22), men kom for seint. Har fått ordna det på anna vis!

Nærbutikken for ved. Her går salget godt og folk flest er ærlege!

Når eg heldt meg heilt til venstre i snøkanten glei eg brukbart.

Møtte elvasnoen som vanleg når eg runda Fossumsvingen og såg heim. Sidan eg var aleine på turen, var eg einstemmig samt i at det hadde vore ein fin tur.

Tekst/foto: Ole Trygve Foseide

Powered by Labrador CMS