Rindal IL – Vanvik 5.divisjon, Rinnvollen

Sterk heimeseier

Sjølv om vi vakna til haustens første morgon med rim i graset, var speleforolda nærast perfekte på Rinnvollen laurdag! Sol, knallgrøn grasmatte og fin temperatur, la forholda til rette for heimelaget til å reise kjerringa etter den begredelege seriepremieren. Serieleiar Vanvik var motstandar og heimelaget reiste kjerringa! Til gagns!

Publisert

Etter ein 1-0 seier på bortebane mot Ørland forrige helg, såg det ut som heimelaget hadde fått tilbake sjølvtilliten etter det begredelege tapet mot Flatås i seriepremiera. Laget gjekk ut i høgt tempo og entusiasme, men Vanvik var av ein heilt annan klasse enn Flatås, så dei beit òg godt frå seg.

Etter ni minutts spel fekk heimelaget ein stor sjanse, men Sander Kattem sette ballen rett i hanskane til bortelagets burvaktar. Det var nære på!

I det 12. minutt var det bortelagets tur; Ein lang ball vart slegen på bakerste stolpe og Vanvikspissen fekk på finurleg vis skalla ballen bort i motsett hjørne og i nota. Vanvik opp i 1 – 0 leiing.

Det skulle ikkje gå lang tid før heimelaget slo tilbake! Berre to minutt seinare fekk Scott Aasen god treff frå omlag 20 meter, og ballen slo innom ein forsvarar og i mål! 1-1! Scotts første seriemål på seniornivå!

Etter 22 minutter var bortelaget frampå att, og fekk på meisterleg vis sett ballen på hel volley bak Grytbakk i heimelagets mål. 1-2.

Stor sjanse ved Sander Kattem

Men heimelaget slo kontant tilbake nesten umiddelbart: Jarl O. Myklegard fekk sendt i veg eit halvslapt skot frå sekstenmeteren, men bortelaget sisteskanse fekk ikkje avverga, og ballen smaug seg inn i nota! 2 – 2!

2 – 2 vart òg pauseresultatet.

2. omgangen starta også den i høgt tempo! To velspelande lag gav dei frammøtte ein meget god og underhaldande kamp. Begge lag skapte fleire halvsjansar, men det skulle gå ti minutter før det verkeleg vart farleg. Steinar Møller og Jørgen Gjerstad spelte seg igjennom vanvikforsvaret på klikk-klakkvis og serverte Roy Bolme ballen på sølvfat! Bolme gjorde ingen feil og banka ballen i mål! 3 – 2!

Omgangen fortsette med stillingskrig og god fotball! Begge lag skapte fleire gode sjansar utan at det gav uttelling. Heimelaget fekk sågar to mål annulert, korrekt nok, for offside. På slutten pressa gjestane på for ei utlikning og det var nære på då ballen gjekk tvers igjennom rindalsforsvaret og spissen til Vanvik fekk stå heilt åleine foran målet, men heimelagets sisteskanse Eirik Solem, som kom inn litt ut i omgangen, fekk avverga med ein god beinparade! Godt gjort av Solem!

Heimelaget rei stormen av og kunne innkassera tre poeng etter ein god pretasjon! På spørsmål om kva som har ført til forvandlinga frå serieopninga, svarar trenar Lars Ole Heggem følgjande: - Vi har ikkje gjort store forandringar,nei. Vi har spelt fleire gode kampar, f.eks sist helg mot Ørland som kanskje var betre enn denne! Så vi reknar kampen mot Flatås som eit arbeidsuhell!

Då får vi berre satsa på at Rindal plukkar poeng jamt og trutt i fortsetinnga òg!

Roy setter seiersmålet

Rindal IL – Vanvik 3 – 2

For heimelaget scora Scott Aasen, Jarl O. Myklegard og Roy Bolme.

Heimelaget stilte med følgjande mannskap:

Anders Grytbakk, Scott Aasen, Oddvar Børset, Steinar B. Heggset, Jørgen Gjerstad, Harald Røen, Daniel Eide, Brage Storholt, Jarl O. Myklegard, Roy Bolme og Sander Kattem. Benytta reservar: Jostein Landsem, Steinar Møller, Lars A. Møkkelgård, Håkon Mikkelsen, Eirik Solem og Mathias Furuhaug.

Powered by Labrador CMS