Høgtid frå ende til annan:
Påskesongmesse i Åsskard
Påska er ei flott tid for alle: Vår. Ferie. Friluftsliv. Familietreff. Og vår største kyrkjehøgtid.
Åsskard-kyrkja har påska innbygd «frå ende til annan». Fremst er altartavla som syner Jesus i Getsemane der påskedramaet startar. Bak i Kyrkjestua er påskedag hovudmotivet - med Kalla Skrøvset-måleriet «Den oppstandne».
Heile høgtida samla
På same måte gir Påskesongmessa i Åsskard kvar langfredag sjølve essensen av kyrkjehøgtida. For mange fastbuande og ferierande har dette vorte ein del av påskeopplevinga. Her er så å seie heile høgtida samla i ein konsert.
Temavandring
Messa er ei temavandring i musikk, bibeltekster og sceniske uttrykk - frå palmesøndag til påskemorgon. Sentralt står langfredagens Golgata-drama framstilt i tablået «Jesu Sju Ord» med bibellesing, dialog, salmesong og korinnslag.
Enkle, talande sceneeffekter illustrerer både langfredags sorg og påskemorgons glede i messeopplegget. Prost Vidar Rygh og klokkar Randi Bøe knyter handlinga saman med bibelsitat.
På klassikkens premisser
Koret Prosjekt 17 og solist Turid Røen Kroknes flettar klassisk kyrkjemusikk inn i dens eigentlege samanheng: «Hosianna» (Olivers), «Ave verum» (Elgar), alt-arien «Agnus Dei», koralen «O hode, høyt forhånet» og «Arioso» (Bach) forutan Handels «Deg være ære» i originalversjon.
Tove Elin Strand (fløyte), Elisabet Husby (fiolin) og korleiar Bernt Bøe (piano) gir klang til dei skiftande tonesettingane.
Utdrag frå dirigentens nylaga «Folketonemesse frå Åsskard» blir urframført. Den byggjer på folkemusikk frå heimbygda og har vorte til i høve 150-årsjubileet for kyrkja.
Etter gudstenesta byr soknerådet på servering i Kyrkjestua.