Pressemelding:

En katt står på bakføttene oppå en julepresang og holder rundt en gren av juletreet/juletrekule. Juletrekulen er formet som et hjerte.

«Jul på Nordmøre» for 88. gong

Årets utgåve av «Jul på Nordmøre» er på veg ut til butikkane. Det tradisjonsrike juleheftet kjem i 2023 ut for 88. gong.

- Innhaldet er bygd over ein lest som lesarane er vel kjende med. Bidragsytarane er ei god blanding av gamle travarar og nye pennar, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.

Han dristar seg til å hevde at få julehefte har finare omslag enn «Jul på Nordmøre».

- Kunstnaren Bergljot Hals frå Sunndal har vore fast leverandør av framsideillustrasjonar i mange år no. Denne gongen har ho verkeleg laga eit meisterverk, seier Ansnes.

Skriftstyret består av Karin Ormbostad, Kristiansund, Gjøran Storsæther, Frei, og Lars Steinar Ansnes, Bud, (leiar). Utgivar er Nordmøre og Romsdal ungdomslag.

Forhandlarnettet er stort sett det same som tidlegare år. Det betyr at dei fleste interesserte ikkje treng å reise langt for å få tak i «Jul på Nordmøre». Utflytta nordmøringar, eller andre som bur utanfor regionen, kan få heftet tilsendt ved å ta kontakt med nokon i skriftstyret.

Powered by Labrador CMS