LESERINNLEGG:

Mann i mørk dressjakke foran en grønn bakgrunn med buemotiv.
Per Ivar Lied.

Kva er det regjeringa og Høgre tenkjer på?

Søndag var bensin og diesel rundt 20 kr. Mandag rundt 27 kr for literen. Meir enn 400 kr dyrare for ein 60 liters tank! Fordi dette er politisk villa av Høgre og Arbeidarpartiet. 

Søndag var pumpeprisen vesentleg lavare fordi Sp og Frp med støtte frå Høgre i vår reduserte veibruksavgifta. Det utgjorde 4,41 kr for bensin og nær 3 kr for diesel på literprisen. Høgre med ny partileiar trekte seg frå dette, og støttar no ei høg veibruksavgift, slik at pumpeprisen nærmar seg 30 kr! Det rammar ikkje minst oss i distrikta, der mange pendlar langt til arbeid, der vi er avhengig av bil til og frå barnehage, butikk, fritidstilbod, kulturtilbod og ulike tenester. Det rammar dei som har lite frå før, dei som ikkje har råd til ein ny bil og montere elbil-ladar i garasja. Det rammar det meste av landet, vi som ikkje har trikk eller tog eller buss kvart 10. minutt. 

Og ikkje minst betyr det millionar for transportfirma og entrepenørar. Dei som skaper arbeidsplassar i heile landet. Noko av ekstra kostnader blir lagt tilbake til oss forbrukarar i form av auka pris, men det er vanskeleg å legge alt på vare-auken. Transportsektoren har pressa marginar frå før og sterk konkurranse frå utlandet, medan entrepenørane lenge har opplevd svak etterspørsel og pressa kontrakter. Og så aukar brått pris på drivstoff med 20%. 

Høgre, Venstre, SV og Arbeidarpartiet vil i åra dure vidare i same jernbanesporet, og vil fleirdoble CO2 avgifta fram til 2035, også for fiskeflåten der batteri sjølvsagt ikkje er eit alternativ for fiske i fjerne farvatn. Senterpartiet fekk i tillegg gjennom fleire andre avgiftskutt i vår, mellom anna 2,50 kr/l lavare CO2-avgift på anleggsdiesel og full fjerning av CO₂-avgifta for fiskeriet. Det håper eg folk merkar seg. Vi har dessverre fått ei regjering og eit Høgre som samarbeidsparti som verkar lengre og lengre vekk frå der folk bur og der verdiane blir skapte!  

Per Ivar Lied
Senterpartiet

Powered by Labrador CMS