Verden kjem til Stangvik:

Stangvikfestivalen med utendørskonsert i Bøfjorden, operapub i Todalen og musikarar frå heile verda

Publisert Sist oppdatert

-Vi i Stangvikfestivalen er stolte av å presentere eit breitt program med smakar av mange ulike kulturar i årets Stangvikfestival, seier kunstnarleg leiar Sigrid Vetleseter Bøe.

- I år har vi eit unikt samarbeid med organisasjonen North Cultitude 6263, som jobbar for å foreine kultur på 62. og 63. breiddegrad over heile verda, fortset ho.

- Vi kan ønske velkommen til Ensemble 6263, eit heilt unikt orkester som består av medlemmar frå Finland, Sverige, Norge, Færøyene og Island. Saman med dirigent Torodd Wigum vil dei gi oss ei kulturell reise vi seint vil gløyme. I tillegg har vi fått med oss fleire instrumentalsolistar og ei handfull av Europas absolutt beste operasolistar frå Nederland, Polen, Slovenia og Sverige. Stangvikfestivalen er kjent for å ha eit lokalt tilsnitt, og vi gler oss til å kunne vise fram Stangvik og Nordmøre til alle desse ambassadørane frå kvart litt land, fortel styreleiar Jo Inge Nes.

Dirigent Torodd Wigum har satt saman eit orkester med musikarar frå 62. og 63. breiddegrad rundt jordkloden.

- Dei skal få oppleve nordmørsk mat og kultur på sitt beste, og i gjengjeld byr dei på sin eigen kultur.

- Vi er også svært stolte av å kunne presentere årets festivalkomponist, Frode Fjellheim. Vi er så glade for å få han med oss, og å kunne ønske alle velkomne til urframføringa av hans nye bestillingsverk «Between the Circles» til festivalen - skrive for Ensemble 6263 og solistar. Verket vil bli framført under kyrkjekonserten i Stangvik kyrkje laurdag den 30. juli, fortset han.

Frode Fjellheim er årets festivalkomponist for Stangvikfestivalen. Hans bestillingsverk «Between the Circles» blir urframført i Stangvik kyrkje 30. juli.

- Vi får også høyre meir - for oss - ukjent musikk under kyrkjekonserten; komponisten og tenoren Linard Vrielink skreiv eit nytt verk for herrekvartett, fikk med seg tre medsolistar, og spela inn ei plate ved namnet «Moments of Vision». Dette verket får også si urframføring under denne konserten, supplerer Sigrid.

- Vi gler oss også på å få vise fram årets festivalkunstnar, Siri Skjerve, som både bor og har sitt virke i Todalen. Ho jobbar med hud og garva skinn som artistisk materiale, og baserer seg på skinn frå lokale jaktlag, kan Jo Inge Nes fortelle.

Festivalkunstnar Siri Skjerve kjem frå Todalen og brukar hud som artistisk materiale. Utstillinga hennar opnar fredag 29. juli i Galleriet i Bondehuset.

Vetleseter Bøe er inne i sitt første år som kunstnarleg leiar, og er fersk mottakar av Kleivaprisen for 2022. Festivalen vil innehalde utendørskonsert i Bøfjorden, operapub i Todalen, i tillegg til barnekonsert, kaffekonsert, kammerkonsert, kyrkjekonsert og dei tradisjonelle kveldskonsertane i Stangvik. Ensemble 6263 vil framføre verk som er skrive langs 62. og 63. breiddegrad, vi får besøk av Frode Fjellheim & Snorre Bjerck duo som spelar konsert med musikarar frå orkestret, og vi inviterer til «Casino Royale», ein Bondehus-konsert i spelets teikn.

Billettane blir lagt ut for salg den 1. juli, og vi gler oss på å ønske dykk alle sammen velkomne til ein musikalsk fest i sommar!

Powered by Labrador CMS