Stangvikfestivalen

Pianist Trygve Brøske og songarane Sigrid V. Bøe, Arnstein Morken, Erik Rosenius og Maija Skille.

Operakvelden «Hekta» fullt hus i Todalen ungdomshus

Torsdag kveld var det Todalen sin tur til å få besøk av Stangvikfestivalen 2026. Eit fullsett Todalen ungdomshus fekk oppleve Cathrine Winnes si oppsetting «Hekta».

Publisert

Programleiar Cathrine Winnes med sopranen Sigrid V. Bøe, mezzosopranen Maija Skille, tenor Arnstein Morken, bass Erik Rosenius og pianist Trygve Brøske tok oss med på ei musikalsk reise, med laus snipp og mykje humor i nokre av kjærleikens mange element.  

Programleiar Cathrine Winnes I samtale med Sigrid V. Bøe, Erik Rosenius og Arnstein Morken.

 Første akt - «Lovebombing» 

 Winnes innleia første akt slik:

«Du kan ikke tvinge fram kjærlighet, ikke hos deg selv, og ikke hos andre. Det må være høyst frivillig, kjærlighet er en uregjerlig, fri fugl som ikke lar seg diktere av trusler eller bønner, men som binder den som elsker den. Slik lyder Carmens ord!» 

 Så fekk vi i tur og orden høyre "Habanera", "Med en fågel på sitt huvud", "Mon Ceur", "La ci darem la mano", Griegs "Jeg elsker deg" og "Blomsterarien".  

Sigrid V. Bøe og dei andre artistane laga ein fin operakveld i Todalen.

 

 Andre akt - «Tilknytning og katastrofe» 

 Andre akt innleia Winnes med: «Tilknytningsteori forklarer hvordan de tidlige båndene vi danner til våre omsorgspersoner som barn, former vår evne til å regulere følelser og inngå i relasjoner som vaksne».   

Vi fekk høyre "Ah che mi dice mai", "Katalogarien" og "Surabaya Johnny"

Maija Skille syng solo.

.  

Tredje og siste akt - «Redde mannen, drepe kvinnen» 

Siste akt hadde ei dramatisk overskrift, men heldigvis vart vi skåna for drap. Vi  fekk derimot høyre "Vesti la Giubba", "Seguedilla", "Solveigs vuggevise/Pinsesalme" og ekstranummeret "Rigoletto".  

Mellom songnummera i den halvanna timen med operakveld, var det monologar mellom programleiar Winnes og artistane.  

Ein kan vel på mange måtar oppsummera operakvelden «Hekta» at menn er hekta til kvinnene fordi kvinnenes kjærleik reddar mannen! 

Operakvelden «Hekta» i Todalen ungdomshus vart ei flott oppleving for publikum, med mykje fin song og musikk framført av særs flinke artistar, spedd med mykje humor og latter rundt eit vanskeleg og alvorleg tema.  

Todalen Idrettslag serverte forfriskingar og snacks før og under operakonserten.  

Powered by Labrador CMS