Trio No Treble i Stangvik-kyrkja ved eit tidlegare høve. Frå venstre Jostein Bolås Brødreskift, Lars Hølås og Eivind Rossbach Heier. (Foto: Bernt G. Bøe) / Ronny Kjøsen – her under fjorårets Jonsvaka i Åsskard kyrkje. (Foto: Bernt G. Bøe)

«Kammersmusikk» i Åsskard-kyrkja

Publisert Sist oppdatert

Etter rakardugnaden i Åsskard måndag blir det kveldskonsert med trekkspelaren Ronny Kjøsen og Trio No Treble.

Tittelen på programmet gjer oss nysgjerrige! Tyr vi til rapportar, mellom anna frå Trøa i Rindal sist måndag, forstår vi at dette handlar om sprelske framføringar av svært forskjellig musikk.

Ronny Kjøsen er tilsett kyrkjemusikar med hovudansvar i Stangvik, Todalen og Åsskard. For tida er han stipendiat som folkemusikar med permisjon frå stillinga og utfaldar sin allsidige musikalitet på andre arenaer – mest med ulike trekkspelvariantar som uttrykksmiddel.

«Trio No Treble» er, som namnet fortel, ein strykartrio utan diskantinstrument (fele) og består av bratsj (Lars Marius Hølås), cello (Eivind Rossbach Heier) og kontrabass (Jostein Bolås Brødreskift). Gruppa vart stifta i 2017 og er kjend for sin særeigne måte å spela og kombinere både pop, folkemusikk og klassisk på.

Kveldens aktørar framfører komposisjonar og arrangement av Ronny og spinn trådar mellom ulike musikksjangrar, ispedd eigne improvisasjonar. – Vi ønskjer å viske ut skiljelinene mellom det klassiske og det folkelege, mellom det som er nedskrive og det ein kan «finne på i farten», seier dei.

Tidspunktet for konserten er smidig tilpassa rakardugnaden ved Åsskard-kyrkja same dagen. Så her rekk ein både rydding til festdagane i mai, felles kaffestund og ei «sprelsk konsertoppleving», slik dei fekk i Rindalen for ei veke sia.

Powered by Labrador CMS