Kirkens Nødhjelp:

Gruppe frivillige står ved et rekkverk ved en vei med innsamlingsbøsser
Åsskardgruppa klare på startstreken.

Aksjon landet over

Behovet er større enn nokon gong, seier Kirkens Nødhjelp. Krigskatastrofen i Midt-Austen krev akutt hjelp. Vatn til tørkeområde er langsiktig målsetting.

Publisert

Tysdag gjekk konfirmantar og andre dør-til-dør med KN-bøsser og vipps i bygd og by. Gjevarinnsatsen var stor og gir betydelege midlar til livgjevande innsats.

To unge jenter holder hvite innsamlingsbøsser med lilla etiketter i et enkelt møterom.
Vår og Mathilde besøkte i Bøverfjord sentrum og strekninga Settemsørane – Sletta.

Vi observerte Fasteaksjonen i Surnadal. Innsatsleiar Gro Hauge Venås registrerte tilnærma full oppslutning i sine sokn - Mo, Øye og Ranes, Todalen, Stangvik og Åsskard.

- Så blir det spennande å sjå resultatet når oppteljinga er ferdig. I fjor samla desse bygdene inn rundt 130.000 kroner.

Ei smilende dame med langt lyst hår sitter ved bord med skjemaer og innsamlingsbøsser fra Kirkens Nødhjelp.
Diakon Gro Hauge Venås administrerte aksjonen i Surnadal.

Og skulle det vera nokon som var borte og ikkje fekk gjeve si gåve på sjølve aksjonskvelden? Da understrekar kyrkja at det framleis er høve til å nytte KN sitt vippsnummer 2426. Midlane der blir rekna med i summen for det enkelte lokale sokn.

Ungdommer sitter rundt kafébord med kaffe og kaker i et varmt opplyst rom.
Pølser, saft og kaffe smaka godt - og vel fortent - etter to timars kveldsøkt.
Powered by Labrador CMS