Indre Nordmøre Senioruniversitet annonserer:

Logo + bilde av Ole K.Blekken

Livet til ein som ikkje vart gardbrukar

Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterer til møte i kinosalen på Kulturhuset i Surnadal onsdag 17.01.24 kl 12.00 Vi møter Ole K. Blekken i samtale med Einar Oterholm om barndomen i Gammelstu Indre Sæter i Betna.

Publisert

Ole K. Blekken ville ikkje bli gardbrukar, men gjekk gradane frå dekksgut til styrmann, var med på starten av oljeeventyret og avanserte til boresjef på plattformer, før han no nyt tilværet som pensjonist i Surnadal. 

Vi får mellom anna høyre om småkvalfangst langs Norskekysten, tankfart mellom Nord og Sør-Amerika, møte med krigsseglarar, rasisme, arbeidstilhøva på oljeplattformane, utblåsinga på Bravoplattforma, katastrofa med «Alexander I Kielland». 

Billettar: medlemmar kr 100 – andre kr 200
- inkluderer også kaffe med noko attåt 

Medlemmane i pensjonistlaga i Surnadal, Rindal og Halsa er også inviterte. 

 Vel møtt!

Powered by Labrador CMS