Senioruniversitetet på studietur

Mesta heile flokken i Stjernehagen
Besøk i Stjernehagen til NORSØK på Tingvoll gard. Susanne Friis Pedersen fortel og svarar på spørsmål.

Kjenner du til NORSØK, NIBIO, KriVi eller Agropub

Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterte medlemmer og interesserte til studietur solvervdagen, og turen gjekk til økokommunen Tingvoll.

Publisert Sist oppdatert

Turen gjekk frå Surnadal via Halsa-Kanestrøm til Tingvoll og tilbake om Rykkjem-Kvanne.

Folket går ut  av bussen
Bussen ved første målet, Tingvoll Gard

Tingvoll gard

På Tingvoll gard vart vi mottekne og fekk orientering av dagleg leiar hos NORSØK, Turid Strøm. Ho gav oss ei orientering om det som foregår på eigedommen Tingvoll gard og om historia bak NORSØK og dei andre organisasjonane som held hus på området.

Turid Strøm fortel om NORSØK
Turid Strøm fortel om NORSØK

NORSØK

NORSØK er ei sjølvstendig stifting og største arbeidsplassen på Tingvoll gard med 27 tilsette. Det er eit nasjonalt kompetansesenter for tverfagleg forsking og kunnskapsformidling for å utvikle økologisk landbruk.

NIBIO

blomster i flotte fargar
Fargeprakt!

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er eit statleg forvaltningsorgan som har 14 tilsette på Tingvoll, men om lag 700 på landsbasis. NIBIO forskar og leverer kunnskap om mat- og planteproduksjon med meir, men er her mest kjent for viltforvaltning.

I tillegg har Tingvoll gard ein som forpaktar gardsdrifta, 3 personar som driv med miljøfaglege utgreiingar og Landbruk Nordvest har ein person tilsett. I tillegg til desse 46 kjem sesongtilsette og ekstra innleigde.

Meir om NORSØK

Tingvoll gard er eit gardsbruk og NORSØK arbeider mykje med dyrevelferd, både innan forskning og innan formidling. NORSØK hadde 226 foredrag i 2022.

Stjernehagen

blomster
Blomsterflor
blomster
Blomsterflor
hageflekk til skoleelever
Flekken min

Stjernehagen på Tingvoll gard er ein demonstrasjonshage. Det er også ein skolehage for Tingvollskolen. Elevar i 4. klasse har kvar sitt område - "Flekken min" - som dei har ansvar for. Her fekk vi grundig omvisning av Susanne Friis Pedersen.

Småhagebruk og andelshagar er populært, og det har vore halde kjøkkenhagekurs for 100 deltakarar.

i hagen
Undervisning av ivrige studentar!
frå hagen, poteter
Her var det fleire slag poteter. Nætmast har vi Tromøy, kanskje eldste potetsorten i Norge.
kompostbinger
Kompostering
Fjøset
Fjøset på Tingvoll gard

Bioenergi

Neste post var besøk i det nye fjøset litt ovafor den andre bygningsmassen. Det var eit trebygg, rundt, med foringsplass i sentrum. Dyra kunne gå ute under overbygd "terrasse".

Det runde fjøset sett frå 'fjøsloftet'
Vi fekk sjå ned i fjøset frå "fjøsloftet", eit møterom. Det var stille og roleg der.
Vi helsa på dyra som var ute på terassen
Vi helsa på dyra som var ute på terassen.
Bilde av gjødselpumpa
Ingvar Kvande ved pumpa som pumper gjødsla frå gjødseltanken til tanken som skal samle opp gassen.

Ingvar Kvande møtte oss ved fjøset for å fortelle oss om Tingvoll sol- og bioenegisenter, og særleg om biogassanlegget som bygger på husdyrgjødsla frå fjøset.

Av om lag 700 tonn husdyrgjødsel produserer biogassanlegget gass til ein Stirlingmotor som lagar ca 20 kw strøm til bygga på Tingvoll gard.

Dei samarbeider og er rådgjevarar for fleire slike biogassanlegg i fylket, også eit anlegg i Surnadal.

Folket ser på gasstanken og bygget der gassen blir samla.
Her er gasstanken til venstre. Tingvollvågen i bakgrunnen.
KriVi-logoen på veggen
Dagleg ledar Maria Aasprang viste oss rundt hos KriVi Vev AS på industriområdet på Saghøgda i Tingvoll. Senioruniversitetets Rolf Arne Berg har besøkt fabrikkutsalget,

KriVi Vev

Bak dette namnet står Kristine Hagen og Viktor Gautvik som i 1988 starta dette veveriet som i dag held hus på industriområdet på Saghøgda i Tingvoll sentrum. Ved å ta starten av fornamna sine, vart namnet KriVi

Gruppa inne i lagerdelen.
Omvisinga starta i lagerdelen der garnet kom inn, og der restar frå produksjonar vart lagra i merka kassar i tilfelle etterbestillingar.

KriVi er einaste linveveriet i Norge, men veveriet lagar mange slags stoff. Bedrifta har 22 tilsette og omsette for 20 mill. i 2022. To designere arbeider for KriVi, ein frå Bergen og ein frå Oslo.

Fabrikklokale med vevstolar
"Vevstøggu"

I "vevstøggu" var maskinene i gang med oppgavene sine.

Ein av vevstolane er for Jacquard-vevnad, og den kan matast med flotte mønster. KriVi har levert dukar og anna tekstilar til Oslo Rådhus, til alle norske ambassadar og til Sikkerhetsrådet i FN!

riksvåpen på linduk
Linduk med riksvåpen - vanskeleg å sjå på bildet, men eksklusivt!
Jubileumspledd i gaveeske
Maria Asprang viser stolt fram eit pledd laga til Bodø Husflid til 100-årsjubileum. Det vart produsrt i fleire fargekombinasjonar.
fargerike stoffprøvar
Stoffprøver vevd hos KriVi.
ty til nordmørsbunaden
Stoff til to variantar av forkle til Nordmørsbunaden.
Trump-portrett på eit pledd
Eit pledd frå jaquard-veven. Laga som blikkfang til ei utstilling.
Dame som finstuderer vev
Med skarpt blikk blir veven kontrollert og feil blir retta!

Krivi har fabrikkutsalg på Saghøgda

Odd-Arild Bugge
Tingvolls kommunedirektør Odd-Arild Bugge
Karar i fabrikkutsalget
Fabrikkutsalget, men var det karane som var ivrigast?

Etter ein lang sudiedag med mykje input, var det likevel noko som mangla - middag! Den vart det ordning på etter kvart.

På Tingvoll Fjordhotell vart all matlyst tilfredsstilt med baill-buffet! Men først fekk vi høre om skulane på Gyl, amtskule, husmorskule med meir, frå Helge Husby, og om økokommunen Tingvoll frå kommunaldirektør Odd Arild Bugge.

Men kva er Agropub?
Det er ei nasjonal nettside for økologisk landbruk. Toppartikkel no er frå ein av forskarane på NORSØK!

Powered by Labrador CMS