«Gammelklokkaren»: 

Historisk gruppebilde av kvinner og menn med korluer.
Som 80-åring saman med koret Lyngblomen rundt 1920.

Litt av ein kulturprofil

Av og til bør vi hente fram minneverdige personar. Ein slik er Kristian Fredrik Aasgaard (1839-1940).

Publisert

Du las rett: Han vart over hundre år! Og «skolemester og kirkesanger» Aasgaard utretta meir enn dei aller fleste.

Allsidig idealist

Heime i Belanausta (Sjøheim) hadde han og kona Ingeborg ti born. Attåt yrket som  lærar og klokkar og ei krevande rolle som familiefar dreiv han det langt som gartnar, bokbindar, korleiar, folketalar og predikant. Han var blant leiarane i Aasgaards Ungomsforening (Åsskard Ungdomslag) frå 1892. Han arbeidde ivrig for avholdssaka og agiterte modig mot den tids utbreidde overtru.

Kristian lånte ut pengar til dei som sat trongt i det - ofte utan å få dei tilbake. Heime heldt han regelmessig husandakt om kveldane. Og gjekk du da forbi den vesle stua i Belanausta, kunne du høre songen og klangen av salmodikonet. Både heime og på kormøta bruka han dette einstrenga strykeinstrumentet, der skalatonane er å finne ut frå tal (ziffer) på gripebrettet i staden for på notar.

Svarthvitt portrett av en mann med skjegg, dressjakke og slips mot lys bakgrunn.
Kulturprofilen Kristian Aasgaard (1839-1940).

Skulemeisteren

Faren Arnt var frå Olastua på Åsskard. Etter ei tid som omgangsskulelærar (mellom Bøverdalen og Bøkleppen) studerte Kristian ein vinter på lærarseminaret i Klæbu. Dit gjekk han til fots - «medbringende to Frakke», som han skriv i dagboka. Han hadde ikkje råd til å fullføre studiet, men vart lærar i heimbygda til han slutta i 1899. Da var 60-åringen «ganske udslidt», seier han. Likevel fekk han 40 aktive år til!

«Kirkens Tjener»

Musikken betydde mykje. I 1873 starta han kor. Som klokkar i den nybygde Åsskard-kyrkja (frå 1876) let han koret vera «orgel» i fleirstemmig salmesong. Ved tilsettinga skriv biskop Laache at ein lærar og klokkar har stort ansvar og pålegg Kristian «at beté sig i alt sit Forhold som det sig en oprigtig Kirkens Tjener og christelig Børnenes Lærer egner og anstaaer» - for 18 kroner året!

Kor og folketonar

Aasgaards Ungdomsforening skulle etter statuttane drive med korsong. Og lagskoret deltok både i kyrkja og i bygda elles. Koret «Lyngblomen» som Lars Lillegård starta rundt 1920, var eit tiltak etter gammelklokkaren sitt hjarte, og 81-åringen gjorde sitt til å inspirere dirigenten.

Songen - både salmar, nasjonalvers og avholdssongar - betydde mykje. Han kunne også ei mengd folketonar, som delvis er nedskrivne av samlarane Edvard Bræin og Kristian Halse. I salmeboka (på nr. 247) finn vi ein tone som Bræin skreiv ned etter Johan Aasgaard, sønn av Kristian. Det er rimeleg å tru at Johan hadde lært denne av far sin.

«Christelig Børnenes Lærer»

I 1899, same året som gamle Sjøheim skule vart bygd, slutta Kristian som lærar, enno berre 60 år, men «ganske udslidt», som han skriv.

No heldt han ein glødande tale i ungdomslaget. Den er ordrett bevart. Her reflekterer Kristian over si lærargjerning: - Naar jeg staar ved Skolepulten og ser udover den lille Flok af Børn, disse for mig saa kjære smaa, krydser det mange Tanker gjennem min Aand,» seier han i starten.

Han har ofte tenkt på korleis det ville gå med dei unge.  Han er skuffa over vaksne som er dårlege førebilete for borna. Skuffelsen som pregar mykje av talen, hang truleg saman med kritikken som dei «frilyndte» i bygda nyleg hadde reist mot misjonsfolket - som var Kristian sine venner.

Heidra med fakkeltog

Men at bygda var opprinneleg glad i klokkaren og skulemeisteren sin, fekk Gammel-Kristian eit bokstaveleg tala lysande bevis på fjerde juledag 1899. Da gjorde ungdomslaget stas på han med stor fest – talar, «folkesang», opplesing, leikar og bevertning, les vi.

Dette var ein gripande honnør til læraren og samtidig kanskje eit velkomen til det nye hundreåret: «For anledningen var der arrangeret et fakkeltog, der tog sig storartet ud paa den tilfrosne fjord. Mange vil mindes den fest, som holdtes til ære for Kristian Aasgaard.»

Enno skulle bygda få ha høvdingen sin i over 40 år. Ja - om han var «udslidt» som 60-åring, må han ha halde helsa godt ved like i tiåra som kom. Slå denne: Tretti år seinare spente han på seg skeisene heime ved Belanausta og gjekk på sjøisen utover til Snekkvika og heimatt. Det vart ein frisk 5000-meter utført av ein 90-åring!

Ein person og kulturprofil vi ikkje skal glømme. Særleg ikkje i eit jubileumsår for kyrkja han var så glad i.

Seks personer står sammen inne i en kirke, mens to holder en pokal og en bokstabel.
Fem oldebarn minnes Gammelklokkaren i Åsskardkyrkja: Ove Aasgaard (nr. 2 frå venstre) og kona Anne Marie saman med Mick, Joel, Tim og Lynn Soyseth på besøk frå USA.


Powered by Labrador CMS