En prest foran menigheten i kirka.
Torbjørn hadde mange med på samtalen om julehistoria.

Julesamling med ungt snitt

Kyrkja arrangerer gjerne gudsteneste - også når skular ønskjer det. Tysdag stod julehistoria på dagsorden i Todalen kyrkje.

Publisert

Først las elevane Inger Hagerups dikt «Så tenner vi» medan dei fire adventslysa vart tente. Deretter stemte alle i Jakob Sande-salmen om lyset i dei stille grender som «tusene barnehender» held opp mot himmelen.

Barnehender og barnestemmer utfalda seg da også i gudstenesta – som med lystenning og tekstlesingar om høgtida som alle ventar på.

«Kvar er Betlehem?»

Prest Torbjørn Brøske knytte jula og kvardagen, fredsønsket og otten for krig og svolt saman i ei lita tankestund saman med dei mange små og litt større i kyrkja.

Og han fekk hjelp frå fleire. Ein lys stemne på andre benk slo fast: - Eg veit at Jesus vart fødd i Betlehem! Ein annan spurte pianisten: - Kvar er Betlehem hen? Slik dukka aktuelle emne fram både i tale og undring.

«Dei tre vise»

Best det var, kom tre vaksne inn. Borghild, John og Oddvar bar med seg «gull» (farga papirkrans), «røykjelse» (talglys med duft) og «myrra» (fin salve). Oj - desse tre «vise» vekte stor interesse! (Myrra’en kom forresten til nytte da Torbjørn viste forsamlinga eit plastra sår på handa si …)

Presten og tre personer i midtgangen i kirka.
«Dei tre vise» - Borghild, John og Oddvar – kom med gull, røykjelse og myrra. Torbjørn Prest var kanskje «Josef» i denne scena?
Tre ting som symboliserer gull, røkelse og myrra foran alteret i kirka.
Gull, røkelse og myrra.

Songen «Et barn er født i Betlehem» bekrefta historia frå andre benk. Og med sterkt håp tona kyrkjestunda ut i «Deilig er jorden».

Gåver – med ny meining

Skulebiblioteket fekk bøkene «Kyrkja i Todalen» og «Kyrkja vår – Stangvik» i gåve frå to av «dei vise frå Østerland» (les: Todalen sokneråd), Borghild Talgø og John Moe.

Og til dei yngste frammøtte vanka det kvar sin pose med noko etande i. For – som Torbjørn Prest sa det: - Viktigare enn gull, røykjelse og myrra er det å ha mat!

Powered by Labrador CMS